7.-28. september-Kunstutstilling i Heradshuset i Aurland
Kunstutstillinga opnar kl. 12.30 7. september. Biletkunstnar Astrid J. Johannessen var mottakar av Galleri Vinjum sitt kunstnarstipend i 2023. I samband med med opninga av utstillinga vil kunstnaren overrekke eit maleri til Vinjum-samlinga. Meir informasjon finn du her: Hjarteleg velkommen til utstillinga «Den Lange Reisen» - 7 september. - Aurland kommune 


10. og 11. september- Vandreseminar
På Stalheim og på postvegen frå Styvi til Bleiklindi. Vandreseminar om historiske ferdselsvegar. Nærøyfjorden Verdsarvpark er arrangør i lag med Voss Herad, Aurland kommune, Nærøyfjorden verneområdestyre og Stalheim hotel. Arrangementet er gratis og du kan lese meir om det her: Vandreseminar+10+og+11+september.pdf (custompublish.com)


12. september- Rein Sognefjord 2024
Framtidshavet inviterar til storskilt ryddeaksjon i og ved Sognefjorden.  Du vel sjølv om du vil rydda i gata di, rundt butikken, langs ein sti eller kanskje i strandkanten. Meir informasjon om aksjonen finn du her: Rein Sognefjord — Framtidshavet og her Det er behov for fleire frivillige til Rein Sognefjord aksjonen - Aurland kommune 


18. september i Undredal -Inspirasjonssamling om ombruk av gamle hus til næringsdrift.
Gamle hus har stort potensiale for næringsretta bruk – og treng bruk for å bli tekne vare på og vere levande kulturminne med aktualitet for oss i dag og i framtida. Med utgangspunkt i dette inviterer stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark og Felles landbrukskontor ÅLA til ei samling i Undredal open for alle med interesse i temaet.

PÅMELDING INNAN 15. SEPTEMBER til kontaktperson: Gry Mørk – e-post: gry@naroyfjorden.no , tlf. 95141438


19. september- Innovasjonsdagen Sogn.
Kunnskapsparken Vestland og Sogn Næring inviterar til Innovasjonsdagen på Quality hotell Sogndal. Det vert historiar frå grunderar som har lukkast både nasjonalt og internasjonalt, og dessutan ein spennande panelsamtale som rundar av arrangementet. Meir informasjon om dagen finn de her: Program — Innovasjonsdagen Sogn


27. september på Fretheim hotell- Salskurs
I samarbeid med  Sellit AS inviterar Næringshageprogrammet i Sogn til kurs for verksemder innan reiseliv, handel, servering og anna næringsliv med fokus på sal. Kurset vert på både norsk og engelsk. 

Kl. 09.00-11.00 salskurs på norsk

Kl. 12.00-14.00 salskurs på engelsk

For meir informasjon om kurset og påmelding trykk her: Sognefjorden Næringshage.

 

3. oktober på Fretheim hotell-Salskurs for leiarar.
I samarbeid med  Sellit AS inviterar Næringshageprogrammet i Sogn til kurs for verksemder innan reiseliv, handel, servering og anna næringsliv med fokus på sal. Det er moglegheit for coaching ein til ein på dette kurset.

For meir informasjon om kurset og påmelding trykk her: Sognefjorden Næringshage.


4. oktober- Rask Oppstart- program for grunderar med gode idear og dårleg tid!
Kunnskapsparken i Vestland har opna påmelding for hausten 2024. Det passar grunderar og oppstartsbedrifter i tidleg fase som har gode idear og ambisjonar om å utvikle nye produkt og tenester. I tillegg til samlingar får deltakarane høve til å nytte seg av rettleiing og oppfølging etter kvar samling/mellom samlingane. Meir informasjon finn du på nettsida til kunnskapsparken Vestland: Nytt program for gründerar og oppstartsbedrifter (kpvest.no)


17-18. oktober i Flåm- Næringskonferansen 2024.
Tema for årets konferanse er Kunstig intelligens og Morgondagens leiing.  Målet med konferansen er å skapa ein årleg samlingsstad om utvikling, samarbeid, kunnskapsformidling, innovasjon og omstilling for norsk næringsliv. I tillegg til at det kjem fleire flinke føredragshaldarar skal Finn Tokvam vera konfransier. Næringslivsprisane i samarbeid med Sogn Avis vert utdelt i samband med dette arrangementet.

Meir informasjon om konferansen finn du her: Næringskonferansen i Flåm: Kunstig intelligens og Morgondagens leiing | Norways best

Meir informasjon om Sogn Avis sine næringslivsprisar finn du her: Vik, Sogndal | Her kan du føreslå folk og bedrifter til Sogn Avis sine næringslivsprisar: – Me veit ikkje alt


18.-19. oktober i Flåm- Nynorske litteraturdagar.
Årets festival byr på kåseria, bokbad, innspeling av NRK-podkast (Open bok-kritikerne), strikking, Quiz  og ikkje minst musikk! Årets program finn du her: Program — Nynorske litteraturdagar

 

28.-30. oktober i Kalvåg Studietur med Tema leiarutvikling og konseptbygging-  

Sognefjorden Næringshage inviterar til  Studietur med tema leiarutvikling og konseptbygging 28.-30 oktober. Kan ein lære noko av kva andre har gjort? Denne turen handlar om å dele erfaringar, her blir det historier om generasjonsskifte, drastiske snuoperasjonar og korleis nytte dei ressursane ein har, optimalt. Knutholmen er den perfekte staden for å sjå korleis dei har bygd opp eit konsept rundt historia. Alt frå korleis hotellromma er utforma, til korleis dei nyttar den gamle busettinga til historievandring, ølsmaking og andre aktivitetar. I tillegg har me fått med ein av Noregs mest ettertrakta foredragshaldar innan kultur og leiing – Sigurd Granmark som skal bistå med den faglege delen.

31. oktober i Aurland -Offisiell opning av kontorfellesskapet Aurland kontorhub i 3. etasje i Sogn Sparebank sitt bygg på Aurlandsvangen. Endeleg tidspunkt vert bestemt nærare opningsdatoen.

Har du forslag til kurs, konferansar, seminar, arrangment m.m. som kan passa inn i denne oversikta send Linn-Janette ein e-post med informasjon og linkt til linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no