Aurland kommune har køyrd eit grundig utgreiingsarbeid med kommunereforma, som dannar grunnlag for at det kan takast endeleg stilling til framtidig kommunestruktur.
Telemarksforsking har vore engasjert til å greie ut alternativ for kommunesamanslåing i Sogn, Voss(med Vik kommune), samt å halde fram som eigen kommune. Det er inngått intensjonsavtale med Voss og Vik.

Den 23.05.2016 vart det halde rådgjevande folkerøysting. Resultatet frå røystinga synte at 84,1% ynskte at Aurland held fram som eigen kommune og 15,6% ynskte ei samanslåing med Voss og Vik. Valdeltakinga var på heile 62,2%. Det vert med bakgrunn i utgreiingane og folkerøystinga tilrådd at Aurland kommune held fram som eigen kommune.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 16. juni

Les saka her: 

Vedlegg