Kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen som del av kommuneplanen, jf Plan og bygningslova §11-1. Planen skal syne koblinga mellom samfunnsutviklinga som handsamast i samfunnsdelen og kva utslag og behov dette gjev for arealbruken, og korleis areala samla sett bør disponerast for å løyse oppgåver og behov som vert avklart i samfunnsdelen, jf herunder formål og omsyn i §§1-1 og 3-1.

Ein arealdel omfattar plankart, føresegner og ein planomtale med konsekvensutgreiing som greier ut om korleis nasjonale politikkmål, til dømes statlege planretningslinjer og arealretningslinjer i regional plan, er ivareteke og fylgt opp.

Arealplanen skal innehalde i hovudtrekk korleis areal skal nyttast og vernast, og kva omsyn som må ivaretakast ved disponering av av areala. Arealdelen er eit verktøy for å gjennomføra samfunnsdelen. Samstundes skal arealdelen vera utforma i eit langsiktig perspektiv.

Kommunen skal kvart 4 år vurdera om det er behov for endringar i kommunale styringsdokument, då også kommuneplanens arealdel.

Vedteken kommuneplan for Aurland, med samfunnsdel og arealdel er tilgjengeleg på Aurland kommune sine heimesider, under "Planar og prosjekt".

Ta gjerne kontakt med plansjef Ingunn B. Skjerdal for meir informasjon.