framside kommunedelplan for fysisk aktivitet og folkehelse

Kommunedelplan for fysisk aktivitet og folkehelse - rullering av handlingsprogram

Kommunedelplanen for fysisk aktivitet og folkehelse 2016 - 2019 vart vedteken av Aurland kommunestyre 17.12. 2015 (KS 122/15). Vedteken plan finn ein på Aurland kommune si heimeside under fana planar og høyringar og vidare fagplanar og reglement: Kommunedelplan for Fysisk aktivitet og folkehelse  

Plandokumentet skulle i utgangspunktet rullerast i 2019, men Aurland kommune tek sikte på å forlenge planperioden med to år slik at den vert 2016 – 2021.

I samband med rulleringa i 2019 ynskjer Aurland kommune innspel til handlingsprogrammet i planen.

Innspel kan sendast per post til:
Aurland kommune v/ kultur, Vangen 1, 5745 Aurland,
eller per e-post til: post@aurland.kommune.no 
Ein oppmodar om at innspel i størst mogeleg grad vert sendt via e – post.
Merk både brev og e-post med:
Innspel til rullering av handlingsprogrammet i - Kommunedelplan fysisk aktivetet og folkehelse.

Frist for innspel er sett til: 27. september 2019

Forslag til nytt handlingsprogram for 2019 i - Kommunedelplan fysisk aktivetet og folkehelse vert lagd ut til offentlig høyring.

Prosjekt som ein ynskjer å søkje spelemidlar til må stå oppført i, og vere ein del av vedteken plan gjennom handlingsprogrammet.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland