Som dei fleste kommunane i Noreg, opplever også Aurland kommune utfordringar med å få rekruttert nok sjukepleiarar og vernepleiarar til våre helse- og omsorgstenester. Behovet for høgskuleutdanna helsepersonell vil auke dei komande åra. Som eit langsiktig rekrutteringstiltak har Aurland kommune difor vedteke at det skal lysast ut utdanningsstipend til personar som tek bachelorgrad innan sjukepleie og vernepleie.

Aurland kommune lyser ut stipend til to personar i 2024. Det vert lyst ut eitt stipend i tenesteeininga for pleie og omsorg, og eitt stipend i tenesteeininga for bu og miljø.

Sjølve tildelinga av stipendet vert gjort ut i frå søknad og motivasjonsbrev frå søkjar.

Retningsliner og informasjon om kommunalt utdanningsstipend i 2024

Viktige fristar

  • Søknadsfrist på kommunalt utdanningsstipend er 31. juli
  • Søkjar vil få svar frå kommunen innan den 16. august
  • Søkjar som har fått innvilga stipend må informere kommunen om motteken skuleplass innan den 23. august (tildeling av stipend fell bort dersom søkjar ikkje får skuleplass, tilbodet vert tildelt neste kandidat)

Krav til stipendmottakar

  • Søkjar har søkt om bachelorstudie innan sjukepleie eller vernepleie
  • Søkjar har søkt om kommunalt utdanningsstipend innan frist
  • Ved tildeling skal stipendmottakar inngå avtale med kommunen om arbeid i minimum 75 % stilling i sommarferieperioden veke 26-30, i den eininga som tildeler stipendet.
    • Det er ynskjeleg at stipendmottakar også kan arbeide ved høgtider.
  • Ved tildeling skal stipendmottakar inngå avtale om 2 årsbindingstid i den eininga som tildeler stipendet.
  • Stipendmottakar skal etter kvart semester levere kopi av bestått semester
  • Stipendmottakar må helde kommunen orientert om avvik på studieprogresjon

Informasjon om utbetaling av stipend

  • Aurland kommune gjev 50 000,- i stipend pr. studieår for personar som tek bachelorgrad i sjukepleie eller vernepleie.
  • Stipend blir utbetalt etterskotsvis etter gjennomført arbeid i sommarferien
  • Ved brot på avtale må stipend tilbakebetalast til kommunen

Slik søker du

Fyll inn søknadsskjema innan 31 juli 2024.

Send søknadsskjema per e-post til post@aurland.kommune.no, eller via eDialog

Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland.

Merk søknad med kommunalt utdanningsstipend 2024, saks.nr 2024/898