Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpe dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging

  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Aurland.

Søknader frå destinasjonsselskap og søknader om støtte til andre fellestiltak i reiselivet vert og vurdert. Kommunen har tidlegare motteke kr 200.000 i desember 2020 som kan fordelast i den samme søknadsrunden til dette føremålet.  

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

Vurdering av søknadar

Formannskapet i Aurland kommune behandlar dei innkomne søknadane etter innstilling frå administrasjonen.

For meir informasjon, sjå:  https://www.regjeringen.no/contentassets/25112a24a5764908bec35e653933a066/tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonsordning-.pdf

Korleis søke om støtte?

Søknad skal sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no.

Søknadsfrist
15.04.2021

Anna informasjon

Opplysningar blir gitt i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentleglova.

Støtte til bedrifter må bli gitt gjeve i tråd med regelverket om offentleg støtte og bedriftsstøtta er tirådd tildelt etter reglane om bagatellmessig støtte. Næringsaktørar og verksemder skal vere registrert i Aurland kommune.