Hovudmål
Den kommunale beredskapen skal sikra at viktige samfunnstenester fungerer i ein krisesituasjon. Dette gjeld mellom anna lokal infrastruktur og informasjon til innbyggjarane.
 

Alle sektorar og nivå i organisasjonen skal arbeida for å redusera risikoen for at moglege negative hendingar eller kriser kan oppstå.
 
Å førebu kommunen på ei rask omstilling av den ”sivile administrasjonen” til kriseleiing for å overvinna kriser, katastrofer og større ulukker i fred med minst mogeleg skadeverknad og ulemper for kommunen sine innbyggjarar.
 
Kva er tenesta?
Den kommunale beredskapener basert på risikovurderingar av normal verksemd i kommunen.I dette ligg det å førebu det sivile samfunn på å møta ein krise/ufredsituasjon slik at:
  • Omstilling til å møta ein uønskt situasjon kan skje raskt og effektivt.
  • Militæret vert sikra naudsynt sivil støtte.
  • Innbyggjarar i kommunen får dekka sine naudsynte behov.
  • Liv og helse vert verna.
  • Ein opprettheld størst mogleg grad av sjølvforsyning.
Gjennom planlegging, førebyggjande tiltak, opplæring og øving redusera sårbarheitsrisikoen slik denne er synleggjort m.a. gjennom ROS arbeidet.:
  • Kriseleiinga skal til ein kvar tid vera i stand til på ein effektiv og sikker måte, å kunna leia organisasjonen i ein krisesituasjon.
  • Liv og helse vert verna ved at:
    o   Vatn og elkraft vert sikra til institusjonar og innbyggjarar i kommunen.
    o   Kommunikasjonar vert oppretthaldne.
    o   Det til ei kvar tid er tilrettelagt og tilgjengeleg ressursar som på ein kjapp og effektiv måte kan nyttast i ein krisesituasjon.
    o   Materielle verdiar ikkje går tapt.
 
Kven gjeld tenesta for?
Tenesta gjeld i utgangspunktet for alle fastbuande og andre som mellombels oppheld seg i Aurland samt alle verksemder.
 
Innhaldet i tenesta 
Statsforvaltaren er overordna kommunane når det gjeld kommunal beredskap.
Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og held øvingar for kommunane.
Aurland kommune har ein plan for kriseleiinga som inneheld delplanar for kvar eining og ein informasjonsplan og ein varslings og ressursplan.
Kriseleiinga i Aurland kommune skal koordinere og leie alle kommunale tiltak når ei krise oppstår.
Naudsynte tiltak skal normalt gjennomførast i samsvar med gjeldande fagplanar for beredskap i dei enkelte einingane.
Kriseleiinga skal gjennomførast på lågast mogeleg nivå, jfr. Stortingsmelding 37 1996/1997. Krise innan eigen kommune skal normalt løysast i eigen regi.
 
Sjå elles tenesteerklæring for brannvernet i Aurland kommune beredskap brann/ulukker og brannførebyggjande.
 
Kva kan du forventa av tenesta?
Tenesta utfører nærare bestemte førebyggjande og beredskapsmessige oppgåver i krigs- og krisesituasjonar.
 
Kva forventar tenesta av deg?
Den enkelte si plikt til å førebyggje og avgrense skadeverknadene ved brann, eksplosjon og anna ulukke
 
Kva kostar tenesta?
Beredskapstenester som er lovpålagde er gratis. Det omfattar kommunal beredskap.
 
Korleis går du fram for å søkja om tenesta?
Ring tlf. 110 eller 112 viss det oppstår ei akutt hending. Dersom hendinga ikkje krev handling straks, eller om det er spørsmål vedrørande beredskapstenesta, kan du ringja vaktnummeret på tlf. 57 63 29 05 utanom arbeidstid. I arbeidstida kan du kontakte beredskapssjefen på tlf. 57 63 29 10.
 
Lovgrunnlag
Sivilforsvarsloven
Kvar kan du klaga?
Klager på vedtak skal sendast skriftleg til Aurland Kommune ved Brann og Kommunal Beredskap.
 
Besøksadresse:
Aurland Rådhus
Postadresse: Brann og Kommunal Beredskap
5745 Aurland
Telefonar/telefax: 57 63 29 10 / 57 63 29 01