Føremålet med opne kontordagar er å gje eit lågterskel-tilbod til innbyggjarane, og skape eit møtepunkt mellom administrasjonen som jobbar med planen, og dei som bur og jobbar i kommunen. 

Folkekontoret vil vere på ein fast stad, ved sida av hovudinngangen til rådhuset og vil halde ope kvar fredag frå 17. februar til og med 28. april.

Mellom kl.09.00 og 15.00 kan kven som helst som har eit spørsmål knytt til prosessen med arealdelen kome innom. Døme på kva vi kan hjelpe med:

-Spørsmål knytt til innspelsskjema/konkrete innspel.

-Spørsmål knytt til kva ein samfunnsdel og ein arealdel er.

-spørsmål knytt til våre to tema: Næring og bustad

 Velkomen!