Eg er glad for høg valdeltaking og eit svært tydeleg resultat. Eg er særleg glad for at heile 78% av 16 og 17 åringane nytta røysteretten.

Aurland har eit godt grunnlag for å halda fram som eigen kommune. Me kan løysa dei oppgåvene me har i dag og ta på oss nye. Gode tenester kan bli endå betre.  Men me må framleis på enkelte område samarbeida med andre kommunar eller kjøpa tenester utanfrå.

Aurland har vekst i næringslivet og positiv folketalsutvikling. Som eigen kommune må me ha fullt fokus på leggja til rette for vidare framgang.
Innbyggjarane ønskjer Aurland som eigen kommune. Dette forpliktar oss alle til å stå på vidare. Den entusiasmen og framtidstrua eg har opplevd frå svært mange innbyggjarar inspirerer og gjer meg optimistisk på Aurland sine vegner

Noralv Distad
Ordførar