Kommuneplannemda vedtok i oktober 2016 oppstart av eit prosjekt for å kartlegge og verdsette områder for friluftsliv i kommunen. Kartlegginga og verdivurderinga er no avslutta, og blir lagt ut på ei enkel høyring. Alle innbyggarar er velkome til å komme med innspel. Utvalde lag og organisasjonar vil få eige brev.

Arbeidet er ein del av ei nasjonal satsing som alle kommunar er pålagt å gjere, og har fylgt metoden som er skissert i Miljødirektoratet si rettleiar M98-2013. Føremålet med kartlegginga har vore å få på plass eit betre kunnskapsgrunnlag om friluftslivsområda i kommunen. Denne kunnskapen vil vere nyttig i kommunen sin arealplanlegging og for andre etatar som kommunen samarbeider med. Areal for friluftsliv i kommunen har stor identitet- og trivselsskapande verdi. Dei er viktige for det helsefremjande arbeidet og er ein viktig ressurs for næringslivet i kommunen.

Arbeidet i Aurland kommune har blitt leia av ei arbeidsgruppe frå administrasjonen som har fått informasjon frå fleire ressurspersonar, skular, barnehagar og verksemder. Resultata skal publiserast i Naturbasen og vil bli lagt inn som eit temalag i Fylkesatlas. Dette er ei rein temakartlegging, dvs. resultata er ikkje juridisk bindande. Døme på type friluftslivsområde er leike- og rekreasjonsareal, grønkorridorar og store turområder utan tilrettelegging.

Høyringsdokument:

  • Friluftslivsområda på kart (sjå kartutsnitt nedanfor, ved å klikke i eit område får ein opp meir informasjon, m.a. ein ID, områdetype og verdi).

  • Verdivurderingsskjema for alle kartlage område (ID på skjema svarer til ID på kart), klikk her for PDF-dokument.

  • Prosjektrapport som skildrar metoden brukt av arbeidsgruppa, klikk her for PDF-dokument.

  • Verdisettingskriteria som har blitt brukt til å verdsette områda, klikk her for PDF-dokument.

Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa v/Anja Marken anja.marken@aurland.kommune.no om du har spørsmål.

Lenker til meir informasjon:

Høyringsfristen er 01.02.2019. Send inn høyringssvar til post@aurland.kommune.no eller Aurland Kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.

Kartutsnitt:

Kommunekart

Mitt kart