Heimekarantene gjeld for følgande grupper:

  • Personar som har hatt nærkontakt til person som har fått påvist koronasmitte
  • Personar som har vore i land utanfor Noreg, Sverige og Finland dei siste 14 dagane. Sjå smittevernråd ved reise.

Heimekarantene er aktuelt for dei som ikkje har symptom på koronavirus, men har hatt nær kontakt med eit bekrefta tilfelle eller vore i land utanfor Noreg, Sverige og Finland dei siste 14 dagane. Det vil seie at alle som har kome til Noreg frå andre land enn Sverige eller Finland etter 27. februar skal i karantene i 14 dagar frå tidspunktet dei kom til landet.

I desse tilfella er ikkje dei andre i husstanden i heimekarantene.

Det er viktig at du er merksam på symptom som hoste, halsbetennelse, vanskar med å puste eller feber. Om du er i nærkontakt med ein person som har fått påvist smitte og får eitt av symptoma over, skal du ringe lege.

Barn og unge som er heime frå barnehage og skule skal forhalde seg slik som befolkninga forøvrig: Dei skal til dømes ikkje oppsøke område med mange folk, ikkje ha nærkontakt eller handhelse på andre og passe på handhygiena.

Dette kan du gjere ved heimekarantene:

Du kan gå ut av eigen heim, men du bør ikkje ha nær kontakt med andre. Det vil seie:

  • ikkje gå på jobb eller skule
  • unngå reiser og ikke ta offentlig transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre

Informasjon frå Aurland kommune

Personar som er i karantene og har behov for hjelp frå kommunen kan ta kontakt med sentralbordet på telefon 57 63 29 00 måndag til fredag i tida 09.00 – 15.00.

Aurland kommune vil oppmode næringsaktørar til å informere sine gjestar om karantenereglane. Dersom bedriftene ikkje har eit egna karantenetilbod bør gjestar losjerast på ein stad med sjølvhushald der ein kan få hjelp til innkjøp osb.

Reglane for heimmekarantene er under kontinuerleg utvikling frå Folkehelseinstituttets side. Oppdaterte råd og anbefalingar ligg til ei kvar tid på Folkehelseinstituttets nettsider.