Kannikteigen bustad- og hytteområde og Klokkargarden småbåthamn – melding om oppstart av planarbeid

I samsvar med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av arbeid med Detaljreguleringsplan for Kannikteigen bustad- og hytteområde og Klokkargarden småbåthamn.

Føremålet med planarbeidet i delområde 1 er å leggje til rette for utviding av bustadområdet ved Klokkargarden i nordleg retning og utvikling av eksisterande område for utleigehytter med naust i delområde 2. Føremålet med delområde 3 er å utvikle friområde med småbåthamn og tilhøyrande parkeringsplass. Delområde 3 er vurdert til å falle innanfor § 10 i verkeområdet til forskrifta for konsekvensutgreiingar, noko som inneber at det skal utarbeidast konsekvensutgreiing som følgjer planframlegga ved offentleg ettersyn

Innspel til varsel om oppstart av planarbeidet kan sendast til Norconsult AS, Postboks 514, 6803 Førde, eller på e-post til ann.sissel.heilevang@norconsult.com, innan 30. januar 2019.

Gå til handsaming i plan og uvikling her
Kunngjering (pdf)
Brev med oppstartsvarsel (pdf)

Kommunevåpen Aurland kommune
Kommunevåpen Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland