Høgare felling dei siste åra, samt unormal høg dødelegheit vinteren 2017/18 har gjort at me truleg allereie har redusert hjortebestanden ein god del. Fellingstala frå årets jakt tydar på at det no er felt ca 133 hjort i Aurland (pr 5. desember). Den førebelse indeksen «sett-hjort pr jegertime» antyder likevel at jegerane ser noko meir hjort i år enn i fjor.  
 
Som eit lekk i kommunanes arbeid med å tilretteleggja for auka felling, har alle dei 15 kommunane i Nordfjella-regionen søkt om ei utvida jakttid på hjort og elg. Denne er no vedteke av Miljødirektoratet. Ny jakttidsramme er difor frå 15. august og til 31. januar. Dette gjeld til og med januar 2022. Det er ikkje høve til å driva jakt på hjort og elg i perioden 24. desember – 31. desember. Det er ikkje lov å nytta laus hund i den utvida perioden. 
 
Oppmoding om januarjakta
I samråd med Aurland hjorteutval er oppmodinga at jaktinga i januar i hovudsak er målretta uttak av kalvar. Men også dyr som er i openbart dårleg hald, dyr som har regelmessige trekk over trafikkfarlege plassar og individ som gjer skade på landbruksinteressar og hagar kan vera aktuelle for felling.  Me vil oppmoda om at jaktinga føregår på ein skånsam måte, med lite bruk av jag i utmark, men heller til dømes jakt på dyr på innmark. Målretta felling av kalv vil kunna redusera talet viltpåkøyringar, samt at det på mange måtar er eit godt bestandsforvaltningsmessig tiltak. Ved å ha høge uttak av kalv, vil vinterbestanden av hjort vera lågare, mens bestandens produktivitet i større grad oppretthaldast. 
 
Ettersøkshund
Me minner om at det er jeger sitt ansvar å ha avtale på godkjend ettersøkshund under jakt på hjort og elg også i januar.  
 
Rapportering
Valdansvarleg skal rapportera fellingsresultatet seinast 14 dagar etter endt jakt. Det vil seia at fristen no er 14. februar. Rapporteringa skal skje ved at løyvet som vart sendt ut frå kommunen, fyllast ut og returnerast. De kan godt fylla ut og senda til Knut Fredrik Øi på e-post knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no

Hugs også at all jakting skal registrerast via www.hjorteviltregisteret.no, ikkje minst dei turane kor ein ikkje såg eller felte dyr.