Svar på spørsmåla – gjestebod
Me har laga til nokre spørsmål du kan svare på aleine eller saman med familie, venner, lag eller ein organisasjon du er medlem. Me har delt spørsmåla inn i tre ulike tema. Det er 6 spørsmål til kvart tema. Du vel sjølv om du vil svare på alle spørsmåla eller velje eit tema du vil svare på. Trykk på kvart tema nedanfor for å laste ned skjema med spørsmål:
- Aurland i 2030: Spørsmål om korleis kommunen ser ut i 2030, beredskap, verdsarv og klima.
- Lokalsamfunn og tenesteutvikling: Spørsmål om nærmiljø, aldersvennleg samfunn, inkludering, frivilligheit og omdøme.
- Næringsutvikling og besøksforvaltning: Spørsmål om næringsutvikling, klimaomstilling, sårbarheit, reiseliv og besøksforvaltning.
Generelle innspel
Dersom du ikkje ønskjer å svare på spørsmåla, men har andre innspel kan du sende desse inn til oss innan 21.februar.
Slik sender du inn innspela
Du kan sende svara på spørsmåla eller andre innspel inn slik:
Trykk her for å sende inn elektronisk innspel. Trykk "direkte til skjema" dersom du ikkje ønskjer å opprette brukar.
E-post: post@aurland.kommune.no
Brev: Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland
Direkte: Du kan levere inn innspela dine til ekspedisjonen på Aurland rådhus eller gi innspel til oss når me skal ha stand framføre Spar, Coop, Undredalsbui eller Joker Gudvangen den første veka i februar (meir informasjon om tidspunkt kjem seinare).
Frist for å sende inn innspel er 21.februar 2021.
Ta gjerne kontakt med sakshandsamar anja.marken@aurland.kommune, 95984628 eller Ingunn B. Skjerdal ingunn.skjerdal@aurland.kommune.no, 95984646 ved spørsmål.