Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
4. mars 2021 kl. 15:15

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Innspel til samfunnsdelen

Du kan sende inn innspel ved å svare på spørsmåla nedanfor eller sende inn generelle innspel.

Svar på spørsmåla – gjestebod

Me har laga til nokre spørsmål du kan svare på aleine eller saman med familie, venner, lag eller ein organisasjon du er medlem. Me har delt spørsmåla inn i tre ulike tema. Det er 6 spørsmål til kvart tema. Du vel sjølv om du vil svare på alle spørsmåla eller velje eit tema du vil svare på. Trykk på kvart tema nedanfor for å laste ned skjema med spørsmål:

  1. Aurland i 2030: Spørsmål om korleis kommunen ser ut i 2030, beredskap, verdsarv og klima. PDF document ODT document
  2. Lokalsamfunn og tenesteutvikling: Spørsmål om nærmiljø, aldersvennleg samfunn, inkludering, frivilligheit og omdøme. PDF document ODT document
  3. Næringsutvikling og besøksforvaltning: Spørsmål om næringsutvikling, klimaomstilling, sårbarheit, reiseliv og besøksforvaltning. PDF document ODT document

Generelle innspel

Dersom du ikkje ønskjer å svare på spørsmåla, men har andre innspel kan du sende desse inn til oss innan 21.februar.

Slik sender du inn innspela

Du kan sende svara på spørsmåla eller andre innspel inn slik:

Trykk her for å sende inn elektronisk innspel. Trykk "direkte til skjema" dersom du ikkje ønskjer å opprette brukar.

E-post: post@aurland.kommune.no

Brev: Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland

Direkte: Du kan levere inn innspela dine til ekspedisjonen på Aurland rådhus eller gi innspel til oss når me skal ha stand framføre Spar, Coop, Undredalsbui eller Joker Gudvangen den første veka i februar (meir informasjon om tidspunkt kjem seinare).

Frist for å sende inn innspel er 21.februar 2021.

Ta gjerne kontakt med sakshandsamar anja.marken@aurland.kommune, 95984628 eller Ingunn B. Skjerdal ingunn.skjerdal@aurland.kommune.no, 95984646 ved spørsmål.


Høringsperioden er nå avsluttet, det er derfor ikke lengre mulig å gi uttale på denne planen.


Høringsperioden er nå avsluttet, det er derfor ikke lenger mulig å gi uttale på denne planen.
Illustrasjon frå Arendalsfolk.no