Mange av dei ulike nasjonale bransjeorganisasjonane har utarbeidd nasjonale retningsliner for drift innan eigen bransje. Kommunen rår til å ha dialog med desse og diskutere i dei fora som er innan eigen bransje. NHO har eiga side på heimesida si med hygienetiltak til verksemder innan ulike bransjar: https://arbinn.nho.no/korona-aktuelt-innhold/samleside-om-hygienetiltak-tilpasset-ulike-bransjer/

Til dømes har NHO reiseliv eige side med rettleiing kring smittevern i reiselivet: https://www.nhoreiseliv.no/vi-mener/koronavirus/nyhet/2020/smittervernregler-i-reiselivet/

NHO reiseliv har òg utarbeida ein eigen bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingplassar.

Det ligg også informasjon på Folkehelseinstituttet som kan nyttast: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/mal-bransjestandard/?term=&h=1

Kommunen føreset at verksemdene i kommunen følger dei retningslinene som bransjane legg opp til. Bransjeorganisasjonane er ekspertar innan eigen bransje og kan gi betre råd og rettleiing enn kva kommunen kan. 

Vi rår alle verksemder til å utarbeide eigne skriftlege rutinar kring smittevern, reinhald, handtering av gjestar osb. Samt vise til kva bransjestandard ein følger, dersom dette ligg føre. Det er viktig å halde seg oppdatert på dei nasjonale føringane på Helsedirektoratet og folkehelseinstituttet sine sider. Her kjem alle endringar og oppdateringar etter kvart. 

Av omsyn til sporing av eventuell smitte, vert det nasjonalt anbefalt at alle, både tilsette og gjestar,  lastar ned og nyttar appen Smittestopp. 

Kommunen kan være diskusjonspart kring rutinar dersom det er ynskjeleg- Kontaktperson er Tenesteleiar Helse og Førebygging Guri Olsen på e-post guri.olsen@aurland.kommune.no eller tlf. 95 98 46 63.