Kommunen er i gang med ei kartlegging av konsekvensar for næringslivet knytt til COVID-19-utbrotet. Me vil gjerne høyre frå deg dersom verksemda di er råka.  Kontaktperson frå administrasjonen er næringsrådgjevar Gudny Flatabø på e-post gudny.flatabo@aurland.kommune.no eller telefonnummer 994 42 089.

Statlege ordningar
Fylgjande ordningar vart vedteke frå statleg hald 16. mars 2020. Denne informasjonen kan endre seg, og er ikkje nødvendigvis utfyllande. Det vil vere oppdatert informasjon på regjeringa si samleside om koronaviruset: https://www.regjeringen.no/no/tema/koronavirus/id2692388/

•Regjeringa skal sikre full lønn inntil 600 000 kroner (6G) i minimum 20 dagar frå permittering. Staten tar rekninga frå dag tre til dag 20. Endringa trer i kraft umiddelbart, og utbetaling skjer så raskt NAV får på plass ei teknisk løysing.

•Kravet til arbeidstid vert redusert fra 50 prosent til 40 prosent for å ha rett til dagpengar under permittering. Tiltaket er mellombels og fram til 31. oktober.

•Inntektsgrensa for å ha rett på dagpengar vert redusert til 0,75 G

•Etter dag 20 i permitteringstida, skal regjeringa innføre ei ordning som sikrar personar ei inntekt på minimum 80 prosent av dagpengegrunnlaget opp til 3G, og 62,4 prosent av dagpengegrunnlaget over 3G og opp til 6G. Endringane skjer umiddelbart.

•Arbeidsgiverperioden i samband med sjukdom vert redusert til tre dagar.

•Sjølvstendig næringsdrivande og frilanserar får utbetalt sjukepengar frå og med dag fire.

• Sjølvstendig næringsdrivande og frilanserar får ei mellombels inntektssikring tilsvarande 80 prosent av gjennomsnittet av dei siste tre års inntekter opp til 6G. Kompensasjonen byrjar frå og med dag 17 etter inntektsbortfallet.

•Ordninga med omsorgspengar og arbeidsgjevarperioden for betalinga av omsorgspengar vert redusert til tre dagar. Sjølvstendig næringsdrivande og frilanserar skal få utbetalt omsorgspengar frå og med dag tre.

•Tal dager ein mottar omsorgspengar vert dobla.

•Verksemder får utsett frist for MVA-innbetalinga 15. april.

Informasjon frå økonomikontoret
Viser òg til informasjon frå økonomikontoret: Faktura for kommunale avgifter, husleige og andre tenester, skal betalast ved forfall. Dersom nokon som fylgje av koronatiltak eller andre årsaker får problem med å betale motteken faktura, vil det vere mogleg å få utsett betalingsfrist. Ber om at de tek kontakt med økonomikontoret for å avtale dette.