Frå Skatteoppkrevjaren:

I samband med høgsesong for utanlandske arbeidstakarar ønskjer me å sende ut eit informasjonsbrev.

Dersom du tilset arbeidstakarar frå utlandet, vil desse normalt vere skattepliktig til Norge for lønsinntekt her. Utanlandske arbeidstakarar må kontakte sitt lokale skattekontor for å få utstedt skattekort (sjå informasjon frå Skatteetaten på side 2 i dette skrivet).

Som arbeidsgjevar skal du trekke skatt etter skattekortet på lik linje med norske tilsette, jf Skattebetalingslova §5. Forskotstrekket skal setjast inn på ein eigen bankkonto, med merknad om at kontoen gjeld skattetrekk. Overføring til skattetrekkskontoen skal skje seinast fyrste virkedag etter lønsutbetalinga.
Dersom skattekort ikkje er utstedt er de pliktige til å trekke 50% skatt.
Konsekvensane ved feil bruk av skattekort kan bli at skattytarane blir trekt for lite og dermed endar opp med restskatt. Iht §5-4 i Skattebetalingslova kan du som arbeidsgjevar ansvarleggjerast for dette beløpet og dermed få ansvaret for å krevja inn att frå arbeidstakar.

Kvar månad innan den 5. må du levere a-melding for føregåande månad. A-meldinga skal innehalde informasjon om alle arbeidsforhold, tilsette, utbetalingar og ytingar.  A-meldinga leverer du frå lønnssystem eller via  www.altinn.no. Så lenge du har eit tilsetjingsforhold, må du levere a-melding også dei månadane det ikkje er lønsutbetaling. Det er status på arbeidsforholdet som skal rapporterast kvar  månad, også permisjonar.

Arbeidsgjevar har eit ansvar for å informerer sine arbeidstakarar om dei plikter dei har. Dette inneber mellom anna å informere om at dei må passe på å melde inn rette 12-delar. Me gjer merksam på at frå og med 01.01.2019 er retten til standardfrådrag avgrensa til kun å gjelde utanlandske sjøfolk og sokkelarbeidarar.

Viss skattytar har tilgode skatt er det ein stor fordel om han eller ho har bankkonto. Det kan vere konto i heimlandet eller i Noreg. Det er fint om de kan informere arbeidstakarane dykkar om dette no medan dei er i landet, slik at dei enkelt kan motta oppgjeret sitt neste år. Skjema for bankopplysningar kan du få ved å venda deg til skatteoppkrevjaren.

Frå Skatteetaten:

Skal du besøke eit skattekontor må du bestille time
Skatteetaten har obligatorisk timebestilling for dei som treng eller ønsker å møte på skattekontoret.

Særleg i sommarhalvåret har vi mykje besøk. Det er difor svært viktig at du som arbeidsgivar bestiller time til sesongarbeidarane dine om det er behov for det. Då er du sikker på at de får hjelp når de kjem til skattekontoret. 

Du treng berre å møte på skattekontoret om du skal

  • ha skattekort dersom du ikkje har gyldig D-nummer eller fødselsnummer, eller det er meir enn tre år sidan du har jobba i Noreg/utført ID-kontroll

  • melde innflytting til Noreg

  • bekrefte farskap

     

Du bestiller time på Skatteetaten sine nettsider. Time kan bestillast til påfølgande dag eller seinare. For å kunne bestille time for neste dag må bestilling skje før klokka 14.00.

Søk om skattekort på skatteetaten.no

 

Ein kan også laste ned og skrive ut papirskjema som ein sender pr. post til oss:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Dersom du har andre spørsmål, ta kontakt med Skatteetaten på chat, Facebook eller telefon 800 80 000.