30. okt. 2020 kl. 16:13 11. mars 2020 kl. 12:48

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Besøkande ved Rådhuset (oppdatert 27.10.20)

Hovuddøra på rådhuset opnar att måndag 17. august. I samband med eit strengare personvern er dørene inn til gangane på rådhuset stengde. Dette er også eit ledd i at sakshandsamarane skal få betre kontroll på arbeidsdagen sin og få auka effektiviteten.

Det medfører at ein generelt må ha avtale for å vere sikra å ha møte med sakshandsamar. Ved oppmøte skal besøkande registrere seg i det digitale besøkssystemet. Dette er ein skjerm som står rett innafor inngangen.

Med omsyn til smittevern må alle besøkande no avtale møte per telefon eller e-post for å møte sakshandsamarar.

Vi ber også om at besøkjande føl smittevernreglane:

  • Ikkje kom om du ikkje er frisk eller føler deg uvel
  • Hold avstand
  • Vask/sprit hendene
  • Gjester skal nytte toalett merka for gjester

Kontaktinfo til tilsette finn ein på heimesida til kommunen under «Kontakt oss» → «Tilsette».
Ring gjerne direkte til sakhandsamar for å lage avtale.

 

Besøkande Heradshuset (oppdatert 28.10.20)

Heradshuset er ope for besøkande. Galleri Vinjum og dei andre utstillingane er opne frå kl 09.00-15.00

 

Biblioteket (oppdatert 27.10.20)

Opningstider:

Måndag og torsdag kl 1400-1900

Tysdag og onsdag   kl 1000-1400

Laurdag                   kl 1000-1400

Alle skal bruka hånddesinfeksjon ved inngangen

Dette kan du;

  • Låne utlånsmateriell i bibliotek
  • Levere lån. Alle lån skal leverast i kasse, ved døra. All innlevering skal vera i karantene 1 døgn.
  • Du kan fortsatt bestille via epost/ telefon, og henta i «hentehylla»
  • Nytta egen pc eller ipad, me har wifi.

 

Skular og SFO (oppdatert 27.10.20)

Skule og SFO jobbar ut frå gult nivå (om ikkje andre føringar kjem). Dette inneber same nivå som før sommarferien. Foreldre/føresette får hente og bringe på SFO og har tilgang til skuleområde og garderobe. Det vil vere mykje fokus på vask av hender, halde avstand, vere heime viss ein er sjuk og god hoste/nysehygiene.

Skuleskyss som normalt.

 

NAV AURLAND er ope for tilfeldig besøkande tysdagar mellom 10.00-14.00. (Oppdatert 27.10.209

Utanom denne tida kan de nå NAV Aurland slik:

- Privatpersonar kan ringe 55 55 33 33 eller bruk Ditt NAV for kontakt
- Personar som treng bistand frå Flyktningtenesta kan ringe 95984634
- Personar i krise kan ringe 57632900 for å bli sett over til sakshandsamar eller gå på servicetorget på Rådhuset slik at de raskt kan få kontakt med NAV
- Arbeidsgjevarar kan ringe 95984634 eller 5555 3336
- Telefonnummer til spesialeiningar i NAV finn de her: https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/kontakt-nav/kontakt-nav-pa-telefon2

Ellers har UDIR laga nasjonal info:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/informasjon-til-foreldre/korona-----informasjon-til-foreldre-om-skolehverdagen/

 

Besøkande ved Aurland helsetun (oppdatert 27.10.20)

Mange pasientar i helse og omsorgsinstitusjonar er særleg sårbare for smitte med covid-19 på grunn av alder og underliggande sjukdommar.  Det er difor framleis alminneleg besøksstans ved Aurland helsetun. Dette er i tråd med retningsliner og tilrådingar frå helsedirektoratet. Under visse føresetnader er det likevel mogeleg å avtale besøk til parientar

 

Telefonar til avdelingane på Aurland helsetun:

Sjukeheim                                          45 87 89 70

Rehab                                                 45 87 90 54

Avdeling for demente                       47 45 44 09

Ved besøk til pasientar som er sengeliggande og som ikkje kan møte ute eller i besøksrommet, ta kontakt med avdelingsleiar (dagtid) på telefon 95 98 46 39.

Før besøk:

Besøkande må gjere seg kjent med smittevernreglar som gjeld for besøkande ved Aurland helsetun: https://www.aurland.kommune.no/framleis-alminneleg-besoeksstans-ved-aurland-helsetun-men-under-visse-foeresetnader-er-det-no-muleg-aa-avtale-besoek-til-pasientar.6311035-155908.html


Generell rutine ved luftvegsinfeksjoner. – informasjon til pårørende ved Aurland Helsetun.
Høsten er en periode der det alltid blir noe mere luftvegsplager i befolkningen generelt. Jfr nasjonale retningslinjer anbefales alle med symptomer på luftvegssymtomer å teste seg for Covid-19, noe som også gjelder beboere ved Aurland Helsetun. Dette vil føre til at dersom beboer ved Aurland Helsetun utvikler symptomer på luftvegsinfeksjon, vil beboer bli testet for Covid-19. Når dette skjer, vil avdelingen bli isolert og det innføres midlertidig besøksstans, i påvente av prøvesvar. Dette som et smitteforebyggende tiltak.

Dersom det er deres pårørende som har utviklet symptomer på luftvegsinfeksjon og må testes vil dere som pårørende bli informert om dette.

Pårørende til andre beboere vil ikke få informasjon om hvem det er som har fått symptomer på luftvegsplager og som følge av dette må testes. Det vil bli informert om at beboer på avdelingen er blitt syk og at det da rutinemessig blir utføres test for Covid-19, og at avdelingen som følge av dette innfører midlertidig besøksstans i påvente av prøvesvar.

Ta gjerne kontakt med avdelingen dersom noe er uklart.

 

Aktuelle linkar for næringslivet (oppdatert 26.10.20)

Lokale tiltak

Aurland kommune er tildelt midlar til kommunalt næringsfond for å bremse effektane av korona, ny søknadsfrist er 01.11.2020:

https://www.aurland.kommune.no/soek-om-tilskot-fraa-kommunale-naeringsfond.6324980-155908.html

Det er og mogleg å søkje konsesjonsavgiftsfondet om midlar, tilskot skal gå til nyetablering og vidareutvikling av verksemder i Aurland kommune: https://www.aurland.kommune.no/soek-om-midlar-fraa-konsesjonsavgiftsfondet.6325077-155908.html

 

Andre nyttige lenkjer

Her er ei oversikt over ulike kompensasjonsordningar for bedrifter: https://kompensasjonsordning.no/

Her er oversikt over oppdaterte smittevernsreglar og råd til ulike bransjar i næringslivet: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

NHO reiseliv følgjer situasjonen tett og har god oversikt over råd, tips og tiltak for reiselivsbransjen: https://www.nhoreiseliv.no/vi-mener/koronavirus/

Innovasjon Norge har samla sine tiltak knytt til effektar av koronaviruset her: https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/finansiering2/krisetiltak/

 

 

Det ligg mykje informasjon om koronavirus både på www.helsenorge.no og på Folkehelseinstituttets nettside www.fhi.no. Om du ikkje finn den informasjonen du treng der, kan du ringe informasjonstelefonen for korona på tlf. 815 55 015. 

Dei som er i heimekarantene skal ikkje ta kontakt med legekontoret - med mindre det er behov for helsehjelp eller sjukemelding.


Legekontoret melder 30.10.2020 om følgjande:

Aurland kommune

Tal Covid-19

Tal testa

Tal innlagd

Tal døde

0

291 (+33)

 

 

                           

 

                                                                    

 

 



 

(endring fra sist i parantes)

Kriteria for testing vart endra pr. 20.03.20 og 29.04.20. Fra og med onsdag 12.august kan alle som ynskjer å tesat seg, få testa seg.
Bestilling av test: Ring legekontoret på formidag på tlf: 57 63 29 99. Det er felles tidspunkt for prøvetaking, ein gong pr dag. Dei fleste dager kl 12.30.

Nettsaker frå Aurland om koronasituasjonen:

2020-04-30 Rapportering på smitta av korona i Aurland kommune 30.04.2020
2020-04-30 Informasjon til næringslivet om smittevern
2020-04-30 Alternativt tilbod førstelineteneste i mai-juni 2020
2020-04-24 Rapportering på smitta av korona i Aurland kommune 24.04.2020
2020-04-24 Aurland fysioterapi opnar igjen
2020-04-22 Til befolkninga og helsepersonell no som det vert letta på restriksjonar
2020-04-17 Opning av barnehagane 22. april
2020-04-17 Rapportering på smitta av korona i Aurland kommune 17.04.2020
2020-04-08 Regjeringa har bestemt at skulane skal vera stengde i to veker etter påske
2020-04-07  Turliv i koronatid
2020-04-06  Informasjon til pårørande av bebuarar ved Aurland helsetun
2020-04-06  Heimepåske og smittevern
2020-04-05  Påskehelsing frå ordføraren
2020-04-03 Rapportering på smitta av korona i Aurland kommune 03.04.2020
2020-04-01  Melding frå legekontoret
2020-04-01  Har du behov for forskot på dagpengar?
2020-03-31  Opplæring i verksemda framfor permittering? Tiltak for næringsdrivande ramma av koronavirusutbrotet
2020-03-30  Stenging av kommunale leikeplassar og ballbingar
2020-03-30  Informasjon om fleire digitale ressursar
2020-03-27 Tiltak for å hindre smitte av koronavirus ved Aurland helsetun
2020-03-27  Rapportering på smitta av korona i Aurland kommune 27.03.2020
2020-03-26 Informasjon frå kreftkoordinator og koordienrande eining
2020-03-26 Oppdatering av tilbod frå aktivitetrettleiar/treningskontakt
2020-03-25 Informasjon frå Aurland og Lærdal barnevern
2020-03-25 Oppdaterte tiltak frå regjeringa
2020-03-24 Landbruket treng hjelp – meld deg som gardsarbeidar
2020-03-24 Ergoterapeutane i kommunen er tilgjengelege på telefon og e-post
2020-03-24 Skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er tilgjengeleg på telefon og sms
2020-03-24 Helse Førde avgrensar tal korona-testar til 60 i døgnet
2020-03-23 All ordinær tannbehandling avlyst
2020-03-20 Oppmoding frå ordføraren
2020-03-20 Rapportering på smitta av korona i Aurland kommune 20.03.2020
2020-03-20 FHI presiserer testkriteria for koronavirus
2020-03-19 Statusmelding frå ordføraren
2020-03-18 Informasjon til næringsdrivande i Aurland kommune i samband med koronasituasjonen
2020-03-18 Oppmoding frå Aurland legekontor
2020-03-18 Informasjon frå økonomikontoret i samband med koronasmitte
2020-03-17 Alle Kringom sine serviceskyss-ruter vert innstilte inntil vidare
2020-03-17 Pleie og omsorgstenester – melding om mulege endringar i tenestetilbodet
2020-03-17 Informasjon frå psykisk helse- og rustenesta
2020-03-16 Viktig melding til helsepersonell i Aurland kommune
2020-03-16 Informasjon frå helsesjukepleiar (PDF)
2020-03-16 Informasjon frå Aurland og Lærdal barnevern
2020-03-16 Informasjon frå helsestasjonen
2020-03-13 Aurland rådhus stenger dørene frå måndag 16. mars kl. 08.00
 
Korona info nynorsk
Korona info nynorsk

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland