Føresette til dei nye elevane på 1. steg og ny elev på 2. steg er velkomne til å vera med. Vi ynskjer ikkje at andre er med denne gongen grunna smittesituasjonen i kommunen.

Klassane set seg samla i gymsalen saman med kontaktlærar på tilviste plassar.
Etter samlinga går klassane til klasseromma sine. Skuledagen vert avslutta kl. 11.15. Då går skuleskyss heim for dei som har det. SFO har vanleg opningstid.

Vi minner om at sjøl om vi opnar på tilnærma «grønt nivå», må vi framleis passe på godt smittevern; vask hender, hald avstand, ingen handhelsing og ingen klemming sjøl om vi er glade for å treffa kvarandre att.

Vi må også vera budde på at smittesituasjonen kan endra seg på kort tid slik at vi må stramma inn på tiltak og gå til «gult eller raudt nivå». Hjelp oss difor med å passa på godt smittevern framover slik at vi kan gå ein lysare haust i møte!

Velkomne til skulestart!

Astrid Hassel
tenesteleiar/rektor