Opninga i AIS vert flytta til skuleplassen ved flaggstonga viss opphaldsver. Dersom dårleg ver går elevane rett til klasserommet med lærar. Opninga vert noko kortare enn normalt og oppstilling vil skje gruppevis med trygg avstand.

Det vert ei oppstarthelsing og utdeling av roser til 1.klassingane. Det er berre føresette til nye elevar som kan delta på opninga utandørs. Førsteklasse sine foreldre får vere med inn i klasserommet og skal delta på ei lita samling med rektor etterpå.

Grunna gravearbeid er tilkomsten til skulen litt kronglete. Gå til skuleområdet via idrettsbana.

Informasjon pr. no er at skulen opnar på grønt nivå, men med beredskap for å raskt kunne endre til gult eller raudt nivå på trafikklysmodellen. Føl med på heimesida fram mot skulestart, eventuelle endringar vert annonsert her. Sjå elles informasjon om skulestart, buss og tidspunkt på ABU si heimeside 


Velkommen til skulestart måndag 16.august kl 8.30. Me gler oss til å treffa deg!!
 

Ingrid Steine Bortne
tenesteleiar/rektor