Barnehage /SFO
Utsendt faktura for termin 3 med forfall 20. mars, skal betalast som vanleg.
Det vil ikkje bli sendt faktura for termin 4. Som fylgje av tiltak knytt til koronasmitten, vert denne terminen betalingsfri. Fakturering av seinare terminar vil bli vurdert etter kvart. Viser elles til pressemelding frå kunnskapsdepartementet datert 17.3.2020: Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO 

Kommunale avgifter, husleige osv. 
Faktura for kommunale avgifter, husleige og andre tenester, skal betalast ved forfall.
Dersom nokon som fylgje av koronatiltak eller andre årsaker får problem med å betale motteken faktura, vil det vere mogleg å få utsett betalingsfrist. Ber om at de tek kontakt med økonomikontoret for å avtale dette.