Det er stadig meir graving og arbeid, samt asfaltering utanfor ABU, og det er ikkje enkelt å berre flytta oppatt Folkebiblioteket der utan vidare. Det er også ei ulempe for brukararne våre med tanke på framkomst og parkering.

Teknisk frårådar oss å flytte oppatt, fram til arbeidet der er avslutta. Det vart difor einigheit om at me skal ha sommar-/Folkebiblioteket på Heradshuset ei stund til, nemleg til og med laurdag 2. oktober. Måndag 4. oktober vil me etter planen vere attende på skulen i Folkebiblioteket sine lokale.

 

Opningstidene for Sommarbiblioteket/ Folkebiblioteket på Heradshuset er:

Måndag og torsdag kl 14-19

Tysdag og onsdag kl 10-14

Laurdag kl 10-14

 

Opningstidene for skulebiblioteket på ABU (berre for elevar):

Tysdag og onsdag kl 10- 14