Men fyrst; me i barnevernet er også ei hjelpeteneste. Du kan ringe oss for råd og rettleiing. Dette er uforpliktande og betyr ikkje at me registrerer eller opnar nokon sak. Dersom du ynskjer eller treng meir omfattande hjelp seier lova at barnevernet må undersøkje nærare. Du får informasjon av oss om kva det inneberer. Du finn kontaktinformasjon til oss på kommunen sine heimesider.

Av andre ressursar som finnast er det mellom anna:

AlarmtelefonAlarmtelefonen for barn og unge 116 111:
Det er gratis å ringe. Barn og unge som har det vanskeleg eller er redde kan ta kontakt. Her får du snakke med vaksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.
Vaksne som er bekymra for barn og unge kan også ringe.

 

Mental helseMental Helse har både ein foreldresupport og ei hjelpelinje.
Foreldresupporten er eit samarbeid med Stine Sofies stiftelse, og er eit tilbod for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller nokon å lufte tankane sine med kring eigne born. Telefonnummeret er 116 123 (tast2)
Hjelpelinja er for deg som treng nokon å snakke med for eigen del. Telefonnummeret er 116 123. Begge linjer er døgnopne og gratis å ringe. 

 

 

Kors på halsenKors på halsen er Røde Kors sitt samtaletilbod for alle opp til 18 år.
Du kan ringe, chatte eller maile, og du møter vaksne som har god opplæring i å snakke med barn og unge. Dei har teieplikt og du kan vere anonym.
Telefonnummeret er 800 333 21 og dei har ope måndag til fredag frå kl 14-22
https://korspaahalsen.rodekors.no/