Barnevernet har ein akuttfunksjon ovanfor barn og unge som har behov for naudsynt hjelp. Dei neste vekene vil andre oppgåver som fylje av dette bli nedprioritert.
 
Me veit at mange foreldre vil oppleve utfordrande dagar når ein kjem tett på kvarandre og må ta større ansvar for borna si læring. Utfordringar som til vanleg er til å leve med kan bli større og vanskelegare å handtere. Me ynskjer å hjelpe og vil så langt me klarar bistå alle som treng det. Nedst på sida finn de telefonnummer til alle kontaktpersonane i barnevernet. Desse er tilgjengelege på telefon alle kvardagar frå kl 0800-1530.
 
Dersom du har behov utanom kontortid eller på helg/helligdag kan du kontakte vår vakttelefon. Her kan du få råd og rettleiing for å avhjelpe situasjonen, og bli satt i kontakt med nokon som hjelper deg vidare. Nummeret til vakttelefonen er: 902 13 481
 
Det flaumer over av generelle råd om korleis foreldre skal takle kvardagen som ikkje lengre er ein kvardagen. Me i barnevernet kunne sikkert ha lista opp mykje også men vil begrense oss til fyljande:
Lag ein plan for dagen.
Legg opp til uteaktivitet kvar dag
Alle familiar er sin eigen fasit, finn dykkar måte å handtere skule og barnehagestenging
 
Kontaktinformasjon tilsette i barnevernet:
Barnevernleiar Anja Brekke Moldvær 908 84 863
Kontaktperson Hilde Strand 959 84 612
Kontaktperson Tonje Skamfer Rebni 959 84 783
Kontaktperson Hanne Torgersen 959 84 784
Tiltakskonsulent Signe- Andrea Henden 952 17 856