Tekst og foto: Aurlendingen/Arne Veum

- Me ønskjer oss fleire tillitsvalde, trenar og instruktørar. Mange gjer ein flott og viktig innsats, men det vert kjent litt på at det er lita rekruttering til å drifte aktiviteten i dei ulike gruppene, seier leiar i Aurland idrettslag, Alf Strømsnes.

Legg til rette

Han leiar eit lag med knappe 500 medlemar, og såleis den klart største frivillige organisasjonen i kommunen. I Aurland idrettslag er det relativt gode kår for å drive med ulike former for idrett, sjølv om Aurland stadion i heilskap no på mange måtar er innhenta av både alder og slitasje. Dei to største idrettane i idrettslagsregi er naturleg nok lagidrettar som fotball og handball. Til trass for små årskull vert det drive bra i desse, og med Aurlandshallen som stod ferdig i 2009 fekk spesielt handballen eit oppsving. – I handballgruppa har dei vore flinke til å stille på kurs og vere med på tiltak for utdanne både trenarar og dommarar. I fotballgruppa går også drifta greitt, men her er det mindre interesse for å stille på utdannande tiltak. Frå hovudstyret freistar me å motivere og leggje til rette for dette, og alle som ønskjer å gjennomføre trenar og leiarkurs vil få dekka alle utgifter, seier Strømsnes. Aktivitet og drift i begge gruppene er mykje foreldreabasert, ikkje ulikt det som er normalt rundt om i dei fleste mindre klubbar. – Foreldra er avgjerande for å halde aktivteten i gang, og me er godt nøgde med den innsatsen desse legg ned. Me skulle likevel ønska at fleire ville bidra aktivt, og ta på seg trenar og leiaroppgåver. Spesielt er det ønskjeleg å få med litt eldre ungdomar, seier Strømsnes.

Ubrukt klatrevegg

Ei gruppe i idrettslaget som no kjenner på konsekvensane av manglande instruktørar er klatregruppa. I Aurlandshallen står dei tre flotte klatreveggane mest utbrukte. – Aktiviteten i gruppa har lege nede sidan september i fjor. Årsaka er mangel på instruktørar med naudsynt godkjenning. Klatreveggane, ein stor og to litt mindre, kan ikkje nyttast utan at det er rett kompetanse på plass. Me håpar denne flotte aktiviteten kan takast opp att. Eg veit at klatregruppa jobbar med saka, seier Strømsnes.

Mange aktive

I Aurland idrettslag finst det tilbod for mest alle aldersgrupper. Aktiviteten i Aurlandshallen er stor heile veka gjennom. I eit folkehelse perspektiv er det grunn for å seie at Aurland idrettslag er ein vesentleg og positiv faktor. – Me har reine støttemedlemar, men svært mange av dei knappe 500 medlemane er aktive på eitt eller anna nivå. Det er eit mål for lagsdrifta at tilboda skal vere mange og varierte, slik at flest mogleg finn noko som passar. For å kunne innfri dette treng me også eit stort korps av frivillige som kan ta eit ansvar, og me håpar at fleire vil melde seg til teneste framover. For å oppretthalde dagens aktivitet er me rundt 50 personar som utfører ulike trenar og leiaroppgåver. Det er eit utfordring å fylle så mange tillitsverv og bemanne eit så stort apparat. Difor må me jobbe målretta med å skaffe nye medspelarar slik at ansvaret ikkje fell på dei same heile tida, seier Strømsnes. Dette er noko me må ha fokus på både i hovudstyret og i dei ulike gruppene framover, seier Alf Strømsnes.

Arrangement

Forutan den vanlege aktiviteten er Aurland idrettslag gjennom året involvert i fire større arrangement. Etter eit års pause skal Aurlandsfjellet Extreme Triatlon arrangerast på nytt i august i år. Her krevjast det mange frivillige. Rimstigen Opp er eit anna stort arrangement, men det er enno uvisst om dette motbakkeløpet vert arrangert i 2019. Idrettslaget har også ei rolle i Flåmsdalsløpet, som skal arrangerast for tredje gong i juni i år. I tillegg er den årlege miniputturneringa i regi av fotballgruppa eit stort arrangement som krev stor dugnadsinnsats. –Alle desse krev stor innsats frå mange. Det brukar å ordne seg med frivillige, men ofte i 12. time. Alle desse arrangementa gir også gode inntekter til laget, seier Alf Strømsnes.

Ny lagsbuss

I tett samarbeid med Aurland Sparebank er det kjøpt inn ny lagsbuss til Aurland idrettslag. Banken stilte også opp når den førre bussen vart kjøpt, men denne dreg no på åra og er difor skifta ut med ein Mercedes 2014 modell med 16 seter. – Buss er både bra og sosialt, og me er svært takknemleg for at banken på nytt stiller opp og hjelper oss med å kjøpe inn eit trygt og godt framkomstmiddel, seier Alf Strømsnes. Han oppmodar alle som kan tenkje seg å bidra til viktig arbeid i idrettslag om å ta kontakt.