Kva kan så du som huseigar gjere for å tilrettelegge din eigen bustad? Eg føreslår at du ser etter korleis det står til med dørstokkane:

  • Er dørstokken i ytterdøra vanskeleg å komme over?

  • Er det dørstokkar inne i huset?

  • Er det naudsynt å ha innvendige dørstokkar?

  • Kva med terrassedøra?

Bildet viser ein innvendig dørstokk på ca 4 cm. Den består av fleire nivå. Dørstokken er eit gode. Den gjer at dørbladet svingar fritt, den held trekken ute og reduserer støy mellom romma.

Men for ein person som ikkje klarer å løfte beina eller går med hjelp av rollator er den eit alvorleg hinder. Den kan f.eks føre til fallulukker. For ein person som bruker rullestol, eller personar som skal bistå vedkomande, vil den gje betydeleg større utfordringar i dagleglivet.

Teknisk forskrift til Plan- og bygningsloven (Tek 17) seier at terskel i inngangsdør skal vere trinnfri, dvs ikkje høgare enn 2,5 cm og den skal vere avfasa. Det er ikkje krav om dørstokkar i nokon del av huset.

Korleis er framkommelegheita i ditt eige hus? Aurland kommune ønskjer at du kan bu i din eigen heim så lenge du ønskjer. Dersom du har spørsmål om korleis du kan gjere tilpassingar for alderdommen kan du ta kontakt med:

Ergoterapeut Anna K. Marstein
e-post: a.k.marstein@aurland.kommune.no
Tlf 9598 4630
Kontorstad Fjordsenteret

 

Sjå også: Planlegg alderdommen - tilkomst