Tekst og foto: Arne Veum / Aurlendingen, desemberutgåva

I månadsskiftet september/oktober vart dagsturhytta heise opp i delar med helikopter. – Monteringa gjekk greitt, og no står det berre att litt på ferdigstilling av platting og rekkverk, seier Hallgeir Høydal ved den kommunale kultureininga. Bygging av platting er gjort av mannskap frå teknisk eining saman med litt innleige. - Her er det gjort eit solid og godt arbeid, og som heilt sikkert vil auke opplevingsverdien av Dagsturhytta, seier Høydal.

Sjå også: Tysdag 04.desember tek me Dagsturhytta i bruk

Jamn straum

Alle kommunane i fylket har fått si eiga dagsturhytte. Bak prosjektet står Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som gir 200 000 kroner i tilskot per hytte. I tillegg er det gjeve tilsegn på inntil 340 000 kroner frå spelemidlane. – Når ein også reknar inn momskompensasjon betyr det at den kommunale eigendelen vert relativt liten, seier Høydal. Etter at hytta kom på plass har det vore ein jamn straum av gåande til og frå. – Det er kjekt at mange har funn grunn til å ta turen opp. Eit viktig føremål med prosjektet har vore nettopp det å få folk flest ut på tur. At dei kan ha eit mål å gå til, og sjølvsagt kjenne at det krev litt, seier Høydal. Han legg til at Aurland Turlag har sett opp kasse med bok, og at mange allereie sett namnetrekket sitt i den. - Me oppmodar alle som tek turen til å skrive i boka.

Bøker

Innvendig i hytta er det som var ubehandla golvplank no sett inn med olje. Aurland Husflidslag har på strak arm, etter spørsmål frå kultureininga, teke oppgåva med å lage sitjeunderlag som skal vere i hytta. – Dette er me sjølvsagd er svært glad for. Det vil og bli lagd inn enkle ryer på golvet. Me oppmodar alle om å ta av skoa ute, slik at me kan bevare golvet best mogleg når hytta opnar, seier Høydal. I hytta er det også sett ut ein del bøker, eit lite minibibliotek med nynorsk litteratur i form av både lokalt stoff og barnelitteratur.

Gåsefot

Ei stund var det uvisst om dagsturhytta kunne plasserast på den ønska tomtegrunnen. Dette skuldast funnet av ei sjeldan plante som heiter Gåsefot. Det kom fram at det på 1980 – talet var gjort registreringar av denne plantearten i området, og det planlagde tomtearealet måtte difor undersøkjast nærare. – Me fann planta, men ikkje der hytta skulle stå. Såleis ordna det seg, seier Hallgeir Høydal. Stien opp er i god stand, Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått denne sett i god stand og rydda i samarbeid med Aurland turlag. Det kan likevel vere aktuelt å gjere nokre utbetrande tiltak på einskilde punkt. Stien opp til dagsturhytta er den same som går til Stegastein.