Føremålet med besøket var, saman med leiinga i E-CO Energi, å synfara kraftanlegga i Aurland.

Raymond Johansen hadde og møte med ordførar Noralv Distad. Ordføraren orienterte om kommunen, næringslivet og kor viktige kraftanlegga er.
Byrådsleiaren understreka at anlegga er viktige for Oslo som eigar, men og for miljøet med klimavennleg og fornybar kraft.

Oslo og Aurland samarbeider ikkje berre i kraftsaker, men og om tiltak i hamnene som kan redusera utslepp frå cruiseskip. Mulegheitene for landstraum var såleis og tema i samtalane.