Lat oss alle feira dagen som borna, med ekte glede og optimisme.

Me gler oss over å bu i eit land med  fred og fridom.  Den skal me ta vare på, og me skal støtta dei som kjempar for tryggleik og demokratiske verdiar i land med krig og undertrykking.

Me skal ta vare på og vera stolte av verdiane i grunnlova, og me skal dela verdiane med andre.

Frivilleg innsats er  ei stor drivkraft for trygge, gode og trivelege lokalsamfunn. Det er ein framifrå måte å  bruka fridomen vår på, til glede og nytte for veldig mange. Tusen tak til alle som er med på gjera 17. mai til ein stor og minnerik festdag.

17. mai er dagen der me gler oss i lag. Me gjer det  i takksemd for grunnlova og dei  som har bygd landet. Samtidig rettar me blikket mot framtida, mot nye mål for bygd og land.

 

Noralv Distad
ordførar


Sjå også: Program 17. mai