Trudvang kino

Trudvang Kino er ein frivillig driven kino, starta i 1992.

Målsetjinga for kinodrifta er å gje publikum i Aurland kommune
eit så variert og kvalitativt godt kinotilbod som mogleg.

Frå august til juni set me opp om lag 65 førestillingar.


Trudvang Kino deltek kvart år i Den Store Kinodagen, kino-Norge
sin store festdag første laurdagen i november.


Ved årsskiftet 2010/2011 vart Trudvang Kino digitalisert. 
Dette innebar ei investering på meir enn 1, 2 millionar kroner, og tyder
at både lyd og bilde blir digitalt, og at publikum vil kunna oppleva kinopremierer
langt oftare enn i dag.

Desse er engasjert i drifta av kinoen:
Terje Horvei Kinoansvarleg/maskinist

 

 

 

Trudvang ungdomshus 13.10.10 Foto: Aurland kommune
Trudvang ungdomshus 13.10.10 Foto: Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut

Relaterte artikler

Kontaktinformasjon

Trudvang Kino

Kinoansvarleg
Terje Horvei
Mobil:93449683

Postadresse:
Trudvang Kino
Postboks 39
5741 Aurland