Rutinar ved varsling om skredhendingar

Viktige telefonnummer
Aurland Kommunen skredtelefon 941 51 579
Politisentralen
i Sogn og Fjordane telefon
02800

Når nokon varslar på skredtelefon  94 15 15 79, tek kommunen kontakt med skredkyndig geolog hjå NGI. Attendemelding til den som varslar vert gjeve snarast mogleg etter fagleg vurdering.
 
Mogleg evakuering vil vere i samråd med kommune/geolog eller at bebuarar ringer politisentralen på telefon 02800  og gjev opp namn, eige telefonnummer, samt adresse til evakueringsstad.
Utgifter i samband med naudsynt evakueringsopphald vert dekka av kommunen etter rekning.
Politisentralen har fått informasjon om kva rutinar som gjeld.
Skredkyndig geolog kan gje råd til politisentralen om behov for naudsynt evakuering. Då tek politiet ansvar for praktisk oppfølging og informasjon.
Faresignal
·         Det kjem nedbør (regn/snø) meir enn 30 mm/døger.
·         Mykje vatn i grover/elvefar etter mange nedbørdøger.
·         Melding om ekstrem-nedbør frå metereologisk institutt og NVE om flaum og skredfare. 
·         Når vatnet i grover endrar retning frå hovudløp
·         Når fargen på vassføring i grover/elvefar endrar seg frå blank til brunlig pga lausmassar.
·         Når vatnet vert vekke frå grover/elvefar når det er mykje nedbør og det normalt skal vere vatn i grovene.
·         Ved masseføring/mindre jord/sørpeskred
·         Ved mange steinsprang frå fjellsider over fleire dagar. Dette kan tyde på forvarsel om større utfall av blokker i fjellsider.
·         Ved større utfall av blokk/skredmassar ned i mot bygningar eller i område der folk ferdast. Ved mykje støv frå skred må all bebuarar i område halde seg innadørs. Om støvskya kjem når nokon er ute og ikkje rekk inn må ein nytte ull eller liknande for munn og nase fram til ein kjem innomhus.
 
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland