handle lokalt

Hugs å handle lokalt til jul

Julehandelen er i gang og butikkane har mange gode tilbod. Næringssjefane i kommunane i Sogn ynskjer med dette å oppmode innbyggjarane om å nytte seg av tilboda i regionen. Mange sogningar er sysselsette i handelsnæringa og verdiskapinga i sektoren er betydeleg. Ved å handle lokalt, støttar du opp om lokale arbeidsplassar og verksemder som betalar skatt til kommunen. Det er òg slik at det lokale næringslivet bidreg med midlar til idrettslag, skulekorps og andre lag. Kvar krone som blir brukt på lokal handel er slik ei investering i eit levande lokalsamfunn.   

Handelsnæringa har gjennom historia vore ei drivkraft for utvikling av bygder og tettstadar. Livlige og levande sentrum bidreg til attraktivitet for både innbyggjarane og dei tilreisande. Eit godt tilbod innan handel og service er saman med sosiale møteplassar, kulturtilbod og gode bustad- og arbeidsområde med på å gjere Sogn til ein plass der folk ynskjer å bu. På mindre plassar er nærbutikken ein viktig del av infrastrukturen i lokalsamfunnet saman med skule og barnehage. Mange nærbutikkar utfører viktige serviceoppgåver som post og bank. Den lokale nærbutikken er ein god møteplass, og er viktig for at folk skal trivast og sjå for seg ei framtid der dei bur.   

Det er viktig at lokalsamfunn og handelsnæringa spelar på lag. Butikkane må levere gode varer og tenester, og innbyggjarane må bruke butikkane. Me vil oppmode alle om å etterspørje varer og tenester, og sjå etter moglegheit for samarbeid og utvikling. Og når julefeiringa no står for døra – gå innom din lokale butikk og sjå etter lokalprodusert mat, drikke og andre varer. Det gir gode smaksopplevingar, er bra for miljøet og er med på å sikre lokalt næringsliv.   

God julefeiring!   
 
Olav Grov, næringssjef Luster kommune
Odd Rune Turvoll, næringssjef Vik kommune
Aleksander Øren Heen, dagleg leiar Lærdal Næringsutvikling
Ole Ramshus Sælthun, arrangementskoordinator Lærdal Næringsutvikling
Terje Laberg, dagleg leiar Årdal Utvikling
Jorunn Nilssen, konsulent Årdal Utvikling
Joakim Systaddal, samfunns- og næringsutviklar Balestrand kommune
Terje Søreide, næringssjef Høyanger Næringsutvikling
Birgitta Hagen Kyrkjebø, næringskonsulent Høyanger Næringsutvikling
Gudny Ø. Flatabø, Aurland kommune   
Torgeir Skålid, dagleg leiar Sogn Næring
Gunn Cecilie T. Hundere, seniorrådgjevar Sogn Næring 
 

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland