I samband med eit strengare personvern er dørene inn til gangane på rådhuset stengde. Den nye personvernforordninga har strenge krav til handsaming av personopplysningar og skjerming av dette.
Dette er også eit ledd i at sakshandsamarane skal få betre kontroll på arbeidsdagen sin og få auka effektiviteten.

Det medfører at ein må ha avtale for å vere sikra å ha møte med sakshandsamar.
Då får sakshandsamaren betre tid til å førebu seg til møtet, noko som igjen sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp også å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg. Det er også mogleg å møte opp og sjekke om sakshandsamar likevel kan ta i mot. Men som sagt - ved å ha avtale er ein sikra å treffe sakshandsamar og vi ber om at besøkjande føl denne anbefalinga.

Kommunen har innført eit digitalt besøkssystem. Det er ein skjerm som står rett innafor inngangen.
Ein klikkar på skjermen og registrerer seg og kven ein har avtale med. Det er mogleg å få hjelp med registreringa om ein treng det. Når ein har registert seg får sakshandsamar SMS med beskjed om at besøket venter.  

I samband med Covid-19 og smittesporing ynskjer vi oversikt også over besøkjande på rådhuset slik at det er viktig at alle registrerar seg.
Vi ber også om at besøkjande føl smittevernreglane:

  • Ikkje kom om du ikkje er frisk eller føler deg uvel
  • Hold avstand
  • Vask/sprit hendene

 

Kontaktinfo til tilsette finn ein på heimesida til kommunen under «Kontakt oss» → «Tilsette».
Ring gjerne direkte til sakhandsamar for å lage avtale.