Alle tenester vert drifta. 

Me oppmodar sterkt om at dei som skal kontakte kommunen nyttar telefon eller e-post. Det vil framleis vere mogleg å kome innom rådhuset, men då etter avtale. Ein må ha avtale for å vere sikra å få møte med sakshandsamar. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for møtet, noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp også å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg.

Det er også mogleg å møte opp å sjekke om sakshandsamar likevel kan ta i mot. Men som skrive ovanfor - ved å ha avtale er ein sikra å treffe sakshandsamar, og vi ber om at flest mogleg følger denne tilrådinga.

Avtal gjerne digitale møte eller telefonmøte. 

Kontaktinfo til tilsette finn ein på heimesida til kommunen under «Kontakt oss» → «Tilsette». Ring gjerne direkte til sakhandsamar.

Tilfeldige tenester som kopiering og kjøp av avfallsposar/sekker kan gjerast onsdagar i tidsrommet kl. 9.00 – 11.30.

Ta kontakt med sentralbordet ved spørsmål tlf. 57 63 29 00.