Her finn du saksdokumenta

Utkast til kartgrunnlaget ser du nedst på sida.

Planen består av tre delar

  1. Tiltaksdelen skildrar retningslinjer og tiltak knytt til dei ulike stiane. Den vert utforma som ei brosjyre og sendt ut til lag, organisasjonar, turistinformasjon, næringsliv, stiftingar og andre aktørar med ønskje om at den vert fylgt opp i det vidare arbeidet med stiar og ferdselsårer i Aurland kommune.
  2. Tekstdelen skildrar bakgrunn for arbeidet, metode og gjev ein oversikt over status på kvar sti i kommunen.
  3. Kartgrunnlaget viser ein oversikt over alle stiane i kommunen og vert registrert i norgeskart.no. Foreløpig kartgrunnlag finn du nedst på sida.

Slik sender du inn innspel

Trykk her for å sende inn elektronisk innspel. Trykk "direkte til skjema" dersom du ikkje ønskjer å opprette brukar. 

Du kan òg sende inn innspel via e-post eller i posten: 

post@aurland.kommune.no

Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.

 Frist for uttale er 18.januar 2021. 

 

Ved spørsmål ta gjerne kontakt med sakshandsamar på anja.marken@aurland.kommune.no eller 95984628

 

Kartgrunnlaget

Nedanfor ser du stiane som er registrert i sti- og løypeplanen. Zoom deg inn i kartet for å sjå stiane. Trykk på kvar enkelt sti for å få meir informasjon om stien:

wFAGgoplz fyQAAAABJRU 5ErkJggg==

Obs! Dei foreslåtte stiane er registrert som rette strekar i kartet, mens dei eksisterande stiane er registrert slik dei faktisk går i terrenget.

Kommunekart

Mitt kart