I prosessen med måleria oppstår i eit møte med kunstnarens erfaringsverda og sjølve landskapet, motivet. Reisa handlar også om å gå innover og utover, slik livet er, ei reise. Prosessen til måleriet liknar livet. Kva blir gjort tydeleg, og kva blir liggjande i mørke, slik som vårt minne er. Måleriet blir eit spegelbilete av det som er utanfor, og det som er i det indre, to motsette spegel.
Prosessen « framkallar», løftar fram, kva som er vesentleg ved hjelp dramatiseringa av fargar, lys, mørke, og penselsføring. Bileta er figurative utførte i eit impresjonistisk formspråk. Måleria er meditative og metafysiske opplevingar av staden. Kunstnaren budde i Aurland hausten 2023, og viser også måleri frå dette opphaldet.
Astrid J.Johannessen fekk Vinjum-prisen i 2023. I samband med prisutdelinga vil kunstnaren overrekka eit måleri til Aurland kommune.
Måleriet vil overrekkast i samband med opning av utstillinga, den 7. september 2024 kl 12:30.