I planregisteret finn du gjeldande arealdel til kommuneplanen, alle vedtekne reguleringsplanar og planar under arbeid. Du finn planane ved å søke på namnet til planen eller så kan du gå inn på kartet og zoome deg inn til eit område. Dersom du lurar på kva plan som gjeld for din eigedom kan du søke opp adressa di eller gards- og bruksnummeret ditt.

Du finn planregisteret ved å gå inn på www.arealplaner.no, der kan du søke opp Aurland kommune. Du finn også link til planregisteret på kommunen si heimeside eller så kan du gå inn på www.kommunekart.com og finne planregisteret derifrå.

For planar under arbeid vil det framleis bli lagt ut artiklar om desse på kommunen si heimeside, det er berre sjølve plandokumenta som ligg ute på arealplaner.no. Det er også berre reguleringsplanar og kommuneplanen sin arealdel som blir lagt ut på arealplaner.no. Kommunedelplanar, temaplanar og strategiar, slik som t.d. kulturminneplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel (https://pub.framsikt.net/plan/aurland/plan-61f9fa6c-7d14-47dd-9501-74d1f4144b29-7485/#/), blir lagt ut på Framsikt. Link til Framsikt finn du på kommunen si heimeside: https://pub.framsikt.net/planoverview/aurland/planoverview-po/#/planoverview/summary/.