Send gjerne SMS med spørsmål til helsesjukepleiar eller jordmor, ev. anonymt. 

Helsesjukepleiar: Mobil/SMS: 959 84 640

Jordmor: Mobil/SMS: 959 84 623

Helsesjukepleiar og jordmor har utvida kompetanse på prevensjons- og seksualrettleiing, og kan rekvirere p-piller til jenter frå 16 år. Det er også høve til gratis graviditetstest, angrepille og klamydiatest. Helsesøster tilviser til lege.

Seksualopplysning og prevensjon

Frå 01.01.2016 har jordmor og helsesjukpleiar utvida rekvireringsrett på prevensjonsmidlar til alle jenter/ kvinner over 16 år. Helsedirektoratet anbefaler no meir bruk av langtidsverkande prevensjonsmidlar. Det eine midlet er P-staven.

P-staven får du lagt inn for 3 år av jordmor eller helsesjukepleiar, og du treng ikkje gå til lege. Ein kan også bidra med å byte ut/ fjerne P-staven.

Ta kontakt med helsestasjonen for meir informasjon om prevensjon, seksuelt overførbare sjukdomar, og for seksualopplysning.