Korleis får eg tak i helsesjukepleiar:
Kontor: Fjordsenteret 2. etg. Helsestasjonen
Kontortid: Måndag – fredag, kl. 08.00 – 15.30
Telefon: 57 63 20 01 (ekspedisjon) 57 63 20 37 (direkte)
95 98 46 40 (mobil, SMS)
E-post: maysigrun.winjum@aurland.kommune.no

Formål med tenesta
Tenesta har som mål å fremja helse og trivsel blant barn og unge, samt førebyggje sjukdom. For å sikre dette arbeidet, held ein fokus på å gi råd og rettleiing til foreldre, drive helseopplysning blant barn, unge og foreldre. Vidare styrke ressursar hjå individet, og i familien for å bygge meistring, og hjelp til sjølvhjelp.

Helsestasjonen skal drive informasjon og rettleiing ved helseundersøkingar og vaksinasjon av barn og unge.

Målet er å sikre at alle brukarane av helsestasjon - og skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom får det tilbodet dei har krav på. Tenesta skal også fange opp og bidra til at barn med særlege behov får oppfølging.

Helsesjukepleiar har spesialkompetanse på psykisk helsearbeid for barn og unge.

Tenesta sitt arbeidsområde:
• Helsestasjon for spe - og småbarn (0-5 år)
• Skulehelseteneste ( 6- 16 år)
• Helsestasjon for ungdom ( t.o.m. 20 år)
• Småbarnstreff
• Smittevern
• Reisemedisin/ vaksinasjon
• Tuberkulosearbeid

Helsestasjon for spe- og småbarn:
Helsesjukepleiar gjev oppfølging av spe- og småbarn med foreldre.
Dette skjer etter gjeldande forskrifter og retninglinjer for tenesta

Helsestasjonsprogrammet har faste kontrollar med
• heimebesøk 7-10 dager, og 14-21 dager etter fødsel
• 6 vekers alder med lege
• 3 månader alder
• 4 månader alder
• 5 månader alder
• 6 månaders kontakt med lege
• 8 månaders kontakt
• 10 månaders kontakt
• 1 års kontakt med lege
• 15 månaders kontakt
• 2 års kontakt
• 4 års kontakt med lege
• 5 års kontakt med lege. Fysioterapeut ved behov.

Det er alltid høve for kontakter ved behov i tillegg til dei faste kontrollane.

Vaksinasjon etter det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet:
6 veker, 3 månaders alder, 5 månaders alder, 1 års alder og 15 månaders alder.
I skulen starter ein med påfyll etter programmet i 2.kl., sidan 6.kl., 7.kl. og 10.kl.

Heimebesøk:
Det er jordmor eller helsesjukepleiar som kjem på heimebesøk etter fødsel.
Dei tilbyr råd og rettleiing i høve barseltida.
Det er også tilbud om heimebesøk frå helsesjukepleiar når barnet er 4 år, eller ved behov.

Småbarnstreff:
Dette er eit uformelt treff for foreldre med barn under 2 år.
Treffa vert arrangert annakvar onsdag frå 12.00 – 14.00 på helsestasjonen.
Nokon gonger med tema på om lag ½ time. Kom gjerne med innspel her.
Døme:

Førstehjelp til barn (DVD), med samtale etterpå
Besøk frå fysioterapeuten, og andre tema

Skulehelsetenesta:
Vaksinasjon i 2.kl., 6.kl.,7.kl., og 10.kl.
Samtale / undersøking ved helsesjukepleiar etter eige program
Individuelle samtaler, og ved behov tilviser ein lege i samråd med foreldre.
Psykisk helse vert vektlagt.
Oppfølging av enkeltelevar ved behov, og i nært samarbeid med foreldre
Henvising til andre instansar etter prosedyre
Undervising i klasse og grupper
Tverrfagleg samarbeid

Helsestasjon for ungdom:
Dette er ei eiga forskriftsfesta teneste som ungdom har rett på, og som kjem i tillegg til skulehelsetenesta.
Tilbodet er retta mot ungdom frå 13 – 20 år.
Helsesjukepleiar og jordmor har utvida kompetanse på prevensjons- og seksualrettleiing, og kan rekvirere prevensjonsmidler til jenter frå 16 år. Det er også høve til gratis gravitest, angrepille og klamydiatest.
Tilvisning til lege
Uten timebestilling på helsestasjonen i Fjordsenteret.
Tlf. eller SMS til 95 98 46 40 (helsesøster) 95 98 46 23 (jordmor)

Smittevern:
a) Tuberkulosearbeid:
Arbeidet vert utført etter retningslinjer til ei kvar tid.
b) Reisevaksine:
Helsesjukepleiar bidreg med vaksinasjon og informasjon før utanlandsreiser til alle innbyggjarar i kommunen.

Har du spørsmål ang. vaksinering eller smittsame sjukdomar, ta kontakt med helsestasjonen.
Timebestilling.
Du betaler sjølv for det vaksinen kostar, for konsultasjonen, og evt. revaksinering.  

c) Helsesjukepleiar har også tett samarbeid med smittevernlege som ved nyoppdaga smitte i befolkninga er ute og informerer i skulen og/ eller barnehagar.
Døme: Smittsam hjernehinnebetennelse, lus, skabb, m.fl.

Teieplikt:
Alle som arbeider innafor helse og sosialtenesta har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.

Klage:
Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side. Klagen skal sendast tenesteleiar for helse- og førebygging,

Den som søkjer helsehjelp, kan påklage avgjerda etter § 2-1 i lov om helsetenester i kommunen. Fristen for klage er 4 veker frå vedkomande fekk høve til å klage. Vidare klageinstans er fylkeslegen.

Ein klage som kjem etter fristen, kan likevel takast under handsaming når det vert funne rimeleg at den vert prøvd. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.