Heider til unge idrettsutøverar

Heider til unge idrettsutøvarar

Ordførar Trygve Skjerdal heidra unge idrettsutøvarar med blomar under kommunestyret 12. desember. I tillegg gav han Aurland IL og Aurland Skytterlag ein sjekk kvar som inspirasjon til vidare ungdomssatsing. 

Kine Haugeplass
Kine går andre sesong i klassen eldre rekrutt der skyttarane alltid må skyte 350 poeng, for å hevde deg i toppen, og om skyttaren oppnår 350 poeng så kan han/ho risikere å ikkje vere blant dei 5 -10 beste. Landskyttarstemne (NM) er det beste døme på det, der Kine i 2018 vart nr. 4, og hadde den sesongen skote nokre fåe stemner på 350 poeng.

Kine har lagt ned ei stort treningsarbeid før denne sesongen, og har i år skote 20 stemner med 350 poeng. Kine ein av norges beste skyttarar i denne klassa og er 1 av 17 skyttarar som har skote 10 stemner eller meir med 350 poeng.

Av store prestasjonar, så vart Kine samlagsmeistar i baneskyting (Sogn Indre skyttarsamlag) og Landsdelskretsmeistar i baneskyting (Fjordane krets) med poengsummane 350 poeng. På årets landskyttarstemne på Evje skaut Kine 250 poeng på innleiande skytinga (25 skoten), saman med 28 andre skyttarar i same klassen. I finalen skaut Kine 100 poeng med 9 innerblink. Det førte til at ho fekk skyte omatt om plass nr. 3 i klassen, då dei to beste skaut 10 innerblink. I omskytinga om 3-plassen skaut Kine 100 peong med 10 innerblink, noko som sikra ho tredjeplassen, og som syner det enorme nivået som må til for å vere med i toppen.

I år har laget hatt 4 ungdomsskyttarar ( Sigve og Henning Vikesland og Kine og Hege Haugeplass)  som har lagt ned eit godt treningsarbeid og synt at dei er gode skyttarar med høgt nivå. Ungdomsarbeidet i laget er eit prioritert satsingsområdet, og me ser det gjev resultat og nye talent er på gang.

NB! Laget har viktige kjerneverdiar og som er fundamentet for alt dei gjer: Meining, Meistring og Miljø ( tryggleik, samhald, og moro).

 

Sofia Stigen Sørensen har boksa 19 kampar i år, med 19 sigrar. Ho er med i Norway Female Box som blei stifta av Cecilia Brækhus. Ho har vore med der frå starten då ho var 12 år.

Sofia Har vunne NM i Lillehammer i år, vunne i Brussel, vunne Legacy Cup, vunne vedas største dameturnering Golden Girl i Borås for å nemne noko.

I tillegg har ho boksa på mange samlingar som Female boxs har arrangert. Ein av dei i Dublin.

Det er ikkje mange bokserar i Noreg som kan vise til ein slik sesong. 

 

Oskar Stigen Sørensen har også hatt ein veldig god sesong med berre to tap. Han har òg vore på mange samlingar og vunne nesten alle han har vore med på.

Det kan nemnast at han vann sommaravslutning for bokse Norge der han fekk bestemann-prisen for heile stemnet. Det er ein bra prestasjon når han berre er 15 år. Oskar vann òg Legecy Cup og er no rangert på ein 3. plass i Noreg. Han har boksa i U-17 i år.

Neste sesong startar 3.-5. januar. Då skal Oskar og Sofia bokse i Ålborg på Viking Box Cup, der målet er å kvalifisere seg til EM.

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland