Temamøte i januar og februar

Det er sett opp tre temamøte i januar og februar. Det første møtet vert gjennomført som eit digitalt gjestebod, dvs at du kan svare på spørsmåla når det passer best for deg. Dei to siste møta vert gjennomført fysisk så lenge ikkje dei nasjonale restriksjonane blir vidareført.

  1. Aurland i 2030: Korleis ser kommunen ut i 2030, kva moglegheiter gjev verdsarvstatusen, korleis har Aurland omstilt seg til eit endra klima m.m. Møtet vert gjennomført som gjestebod. Det vil seie at me gjer klar spørsmåla på førehand og inviterer deg til å svare på spørsmål saman med venner, familie eller i t.d. eit lag du er medlem av. Fristen for å gjennomføre gjestebodet er 14.februar. Meir informasjon om korleis du kan gjennomføre gjestebodet kjem 19.januar.
  2. Næringsutvikling og besøksforvaltning: Næringsutvikling, ytre påverknadar som korona, retning for reiselivet og korleis Aurland kan vere attraktiv for besøkande og fastbuande er tema som vert teke opp. Temamøte veke 6 i februar med påmelding.
  3. Lokalsamfunn og tenesteutvikling: Nærmiljø, møteplassar, inkludering, fritidstilbod og kommunen sitt omdøme er tema som vert teke opp. Temamøte veke 7 i februar med påmelding.

 

Innbyggjarundersøking

Innbyggjarundersøkinga vert gjennomført som telefonintervju i løpet av januar, ca 300 innbyggjarar blir oppringt. Det vert stilt spørsmål om mellom anna kor fornøgd du er med dei kommunale tenestene.

Innspel på butikken

Me kjem til å ha open kontordag på Aurlandsvangen utanfor Spar, i Flåm utanfor Coop, i Gudvangen i Joker og Shell-butikken og i Undredalsbui i løpet av den siste veka i januar og første veka i februar. Her tek me imot innspela dine, gjerne i form av svar på gjesteboda.

Generelle innspel

Dersom du ikkje har høve til å delta på temamøte, møte oss på butikken eller gjennomføre gjestebod er du velkommen til å sende inn innspel via heimesida til kommunen. Me tek imot innspel mellom 19.januar og 21.februar.

I tillegg til desse møta gjennomfører kommunen fleire interne møte, møte med politikarane og eigne møte med Eldrerådet og Råd for personar med nedsett funksjonsevne, Ungdomsrådet og ein klasse på ungdomsskulen.

Kva skjer med innspela dine?

Me les alle innspela og sorterer dei etter tema slik at politikarane får arbeide vidare med dei på eigne arbeidsmøte i mars. På denne måten får politikarane vite kva som er viktig for deg før dei lager mål og tiltak i samfunnsdelen. Når planane er klare, får du nye sjansar til å kome med innspel. Då vil politikarane høyre kva du meiner om forslaga deira gjennom høyringa før dei bestemmer seg. Meir informasjon om dette kjem seinare.