I Undredal er det eit stort besøkstrykk og press på vegane i høgsesongen, og bygda er ikkje lagt til rette for den trafikkmengda som er. I tillegg til at det er mange turistar som køyrer inn i bygda, er vegane òg viktig i bruk i samband med landbruksnæringa og tilkomst for andre fastbuande. Gjennom det interkommunale Gnist-prosjektet, der Aurland, Luster og Sogndal ser på dei samanfallande utfordringane i bygdene Undredal, Solvorn og Fjærland -invitera me no til innbyggarverkstad tysdag 23. august i Undredal og til digital morgonkaffi for reiselivsverksemder fredag 26. august. Me trur det kan vere potensial for å betre situasjonen for både innbyggjarar, besøkande og næringsliv gjennom å vere opne og utforske nye løysningar. Det er også ynskjeleg at turismen i endå større grad skal bidra til lokal verdiskaping 

Ettersom Solvorn i Luster kommune og Fjærland i Sogndal kommune har liknande problemstillingar, tok Sogndal initiativ til å gå saman om ein søknad til innovasjonsprogrammet GNIST – der me var eit av 9 prosjekt som vart valt ut av DOGA (Design og arkitektur Norge). Me ville ha nokon til å utforske korleis ein kan legge til rette for ein berekraftig bygdeturisme som tek vare på lokale kvalitetar. Som Gnist-kommunar får kommunane hjelp til å kople på designarar, arkitektar og anna relevant kompetanse for å sjå moglegheitene i utfordringa, og drive fram nyskapande og berekraftige løysningar. Vinnaren av anbodskonkurransen blei designbyrået Lokalt Byrå, i samarbeid med innovasjonsstudioet Æra strategic innovation og doktorgradsstipendiat Svein Gunnar Kjøde. Dei får midlar av DOGA, Vestland fylkeskommune, og Luster, Aurland og Sogndal kommune, for å jobbe vidare med dette. 

 

 Lokalt byrå beskriv seg sjølve slik: 

«Vi er et lite designbyrå som hjelper lokalsamfunn med å planlegge og designe for mer bærekraftige liv, sammen. Vi liker å jobbe med kompliserte utfordringer og å finne løsninger som funker for folka som bor der. Vi er heldige som bor i et land folk vil besøke og oppleve, så heldige at vi til og med kan bygge ei næring på det. Men turismen er til for lokalsamfunnene, naturen og kulturen som besøkes, ikke omvendt. Vi er veldig glade for å få jobbe med kommunene Sogndal, Luster og Aurland for å utforske idéer for hvordan en slik turisme kan ta vare på og styrke de lokale kvalitetene inn i fremtiden. For å gjøre dette trenger vi dere som bor i bygdene og grendene med på laget, for dere er ekspertene på deres eget liv, hverdag og lokale forhold. Ikke vi. Vår jobb er å hjelpe til med å se hvordan vanlige folk kan skape nye muligheter i morgendagens bygdeturisme. Framtida blir best om vi styrer den dit vi vil og planlegger den sammen. Vi håper dere vil være med på prosessen!» 

 

Utover sommaren og hausten skal Lokalt Byrå samarbeide med kommunen, innbyggjarar og lokalt næringsliv om å utvikle konsept og forslag som kan bidra til å gjere bygdeturismen meir innbyggjarvennleg og berekraftig. Det vert gjennomført arbeidsmøte i alle dei tre bygdene i tida 22. – 26. august. 

Resultatet skal bli ein løysningsportefølje med mål om å utløyse nye individuelle utviklingsprosjekt i regi av kommunen, frivilligheita og næringslivet. Løysningar kan dreie seg om både turistopplevingar, bygd miljø eller tenester. Aktuelle konsept kan til dømes vere ein møteplass, ein ordning for utleige av el-sykkel eller ein framgangsmåte for å redusere bilkøyringa i sentrumsområde. Kva konsept som blir inkludert i porteføljen avgjerast på bakgrunn av medverknaden frå innbyggjarane i bygdene. Lokalt byrå og Æra skal utforske ulike konsept og kva som skal til for å realisere dei. Denne måten å utforske moglegheiter for utvikling i samarbeid med innbyggjarar, kommunen og næringsliv kan føre til heilskaplege løysningar, slik at ulike aktørar kan einast og dra i same retning. Me håpar prosjektet vil føre til gjennomførlege løysningar som styrkar bygdene og bidreg til ein betre besøksoppleving for både reisande og fastbuande. Dette er òg grunnen for at det er viktig at innbyggjarane tek eigarskap på dei løysningane som kjem fram, og er aktive i prosessen med å utvikle dei gjennom bidrag i bygdeverkstadane.  

For Aurland kommune er det òg viktig at arbeidsmetoden ein får erfaring med i denne prosessen kan nyttast i samband med anna samfunnsutvikling, samt at dei moglege løysningane som kjem fram kan nyttast andre stadar i kommunen med liknande utfordringar.  

 

Innbyggjarverkstad 

Innbyggjarverkstaden i Undredal vert tysdag 23. august i Ungdomshuset mellom kl. 13.00 og 18.00. Det er Lokalt Byrå som vil driva prosessane, men Linn-Janette vil òg vera tilgjengeleg for spørsmål.  
Meir informasjon kan du finne på facebook-eventen her: (1) Innbyggarverkstad i Undredal! | Facebook 

 

Digital Morgonkaffi  

Kommunane Sogndal, Luster og Aurland utforskar korleis dei kan legge betre til rette for reiselivet og dei som bur i bygdene turistane besøker. I august har me invitert innbyggarane i bygdene Solvorn, Undredal og Fjærland til ein open folkeverkstad for å dele deira erfaringar. 

Men me ynskjer også innspel frå verksemder innafor reiselivet som operere i bygdene og invitere til å vera med i prosessen vidare. Fredag 26. august vert det digital morgonkaffi kl. 09.30 til 11.00  

Link til facebook eventet, med oppdateringar frå bygdeverkstadane finn du her: (1) Morgenkaffi om framtidas reiseliv | Facebook 
Direktelink til det digitale møtet finn du her: /morgenkaffi - Whereby 

 

Har du spørsmål kring prosjektet ta gjerne kontakt med Næringsrådgjevar  
Linn-Janette Underdal Skarsbø 
E-post: linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no  
Telefon: 95 98 46 47