Høsten er ein periode der det alltid vert noko meir luftvegsplager i befolkningen generelt. Jfr nasjonale retningslinjer anbefales alle med symptomer på luftvegssymtomer å testa seg for Covid-19, noko som og gjeld bebuara ved Aurland Helsetun.
Dette vil føre til at dersom ein bebuar ved Aurland Helsetun utvikler symptom på luftvegsinfeksjon, vil bebuaren verta testa for Covid-19.

Når dette skjer, vil avdelingen verta isolert og det vert innført midlertidig besøksstans, i påvente av prøvesvar. Dette som eit smitteforebyggjande tiltak.

Dersom det er dykkar pårørande som har utvikla symptom på luftvegsinfeksjon og må testast, vil dykk som pårørende verta informert om dette.

Pårørande til andre bebuarar vil ikkje få informasjon om kven det er som har fått symptomer på luftvegsplager og som fylgje av dette må testast. Det vil bli informert om at bebuar på avdelinga er vorten sjuk og at det då rutinemessig vert utført test for Covid-19, og at avdelinga som følgje av dette innfører midlertidig besøksstans i påvente av prøvesvar.

Ta gjerne kontakt med avdelinga dersom noko er uklart.

Telefonar til avdelingane på Aurland helsetun:

Sjukeheim                                    45 87 89 70

Rehab                                           45 87 90 54

Avdeling for demente             47 45 44 09