Her finn du link til det digitale skjemaet

Arealdelen til kommuneplanen tar for seg heile kommunen og utviklinga som skal skje her dei neste ti åra. Arealdelen legg føringar for nye reguleringsplanar og byggesaker. Den seier mellom anna noko om kvar me skal bygge nye bustader og kvar me skal ha næring.

I skjemaet kan du sei di meining om:

- Bustad og fortetting

- Jordvern og landbruk

- Reiseliv og besøk

- Næring og industri  

Gjennom spørsmåla får du delt dine tankar med oss om kva som er bra i dag, kva utfordringar som finst i nærmiljøet ditt og korleis vi kan løyse dette saman. Du treng ingen spesielle forkunnskapar for å svare. Me veit at alle har noko å bidra med.

Innspela vil danne eit kunnskapsgrunnlag til det vidare arbeidet med kommunen sin arealdel. 

Spre gjerne informasjon om spørjeskjemaet vidare til dei du kjenner i kommunen!