Aurland helsetun har lagt til rette for at det er muleg å besøke pasientar ved institusjonen, under desse føresetnadene:

  • Den som ønskjer å komme på besøk, må ringe aktuell avdeling og avtale besøkstid
  • Beste tidspunkt for besøk er i vekedagane frå kl 11.00 og utover
  • Besøk blir loggført i pasienten sin journal.
  • Dei besøkjande må vere friske, og ikkje ha vore i kontakt med personar som har vore sjuke
  • Besøket kan vare i  20-30 minuttar med 2 – 4 personar om gongen
  • Besøk utandørs;  med 1 meters avstand og spriting av hender
  • Besøksrom, stova 3. etg på rehabavdelinga;  med 1 meters avstand og spriting av hender  
  • Besøkjande skal ikkje bevege seg i avdelingane,  utanom besøksrommet
  • Inn til besøksrommet kjem du ved å ringe på døra ved rehab – direkte inngang frå 3. etg (nb! ikkje komme inn hovudinngang ved helsetunet og nytte heisen opp)
  • Sprite hender og gå rett inn på stova. Tilsette må sjå til at dette blir gjort
  • Besøkjande må ringe på alarmsnora i stova eller på mobil,  når dei forlet besøksrommet
  • Sprite hender når dei går
  • Om pasienten har behov for rullestol, skal den tilsette trille denne

Punkta ovanfor gjeld for besøk til pasientar utan smitte av covid-19.  For pasientar med mistanke om eller bekrefta smitte av covid-19, vil andre tilrådingar og retningsliner gjelde.

Telefonar til avdelingane på Aurland helsetun:

Sjukeheim                              45 87 89 70
Rehab                                    45 87 90 54
Avdeling for demente            47 45 44 09

Ved besøk til pasientar som er sengeliggande og som ikkje kan møte ute eller i besøksrommet, ta kontakt med avdelingsleiar (dagtid) på telefon 95 98 46 39.

Aurland helsetun, 05.10.2020