Aurland helsetun vil likevel prøve å legge til rette for at det vert muleg å besøke pasientar ved institusjonen, under visse føresetnader:

  • Den som ønskjer å komme på besøk, må ringe aktuell avdeling og avtale besøkstid
  • Dei besøkjande må vere friske, og ikkje ha vore i kontakt med personar som har vore sjuke
  • Besøket kan vare i max 20-30 minuttar med max 2 personar om gongen
  • Besøk utandørs;  med 1 meters avstand og spriting av hender
  • Besøksrom, stova 3. etg på rehabavdelinga;  med 1 meters avstand og spriting av hender  
  • Besøkjande skal ikkje bevege seg i avdelingane,  utanom besøksrommet
  • Inn til besøksrommet kjem du ved å ringe på døra ved rehab – direkte inngang frå 3. etg (nb! ikkje komme inn hovudinngang ved helsetunet og nytte heisen opp)
  • Sprite hender og gå rett inn på stova (rehab 3. etg). Tilsette må sjå til at dette blir gjort
  • Besøkjande må ringe på alarmsnora i stova eller på mobil,  når dei skal forlate besøksrommet
  • Sprite hender når dei går
  • Om pasienten har behov for rullestol, skal den tilsette trille denne

Punkta ovanfor gjeld for besøk til pasientar utan smitte av covid-19.  For pasientar med mistanke om eller bekrefta smitte av covid-19, vil andre tilrådingar og retningsliner gjelde.

Telefonar til avdelingane på Aurland helsetun:

Sjukeheim                              45 87 89 70

Rehab                                     45 87 90 54

Avdeling for demente           47 45 44 09

 

Ved besøk til pasientar som er sengeliggande og som ikkje kan møte ute eller i besøksrommet, ta kontakt med avdelingsleiar (dagtid) på telefon 95 98 46 39.

 

Aurland helsetun, 12.05.20