Som følgje av at det ikkje finst nullutsleppsteknologi for store skip føresler Sjøfartsdirektoratet ei overgangsordning fram til 2035 der det vert opna for at cruiseskip alternativt kan dokumentere fylling av biogass tilsvarande energiforbruket i verdsarvområdet. Biogassen lyt oppfylle produktforskrifta og fornybardirektivet.

På oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet har Menon Economics gjennomført ei samfunnsøkonomisk analyse av konsekvensane regelverket vil medføre. Den syner eit kraftig fall i cruisetrafikken til Flåm om regelverket vert innførd. Frå 273 000 cruisepassasjerar i 2019 er fallet på 93% til estimerte 20 000 cruisepassasjerar per år i heile perioden 2026-2040.

 

Figur D

Figur 1 – Trafikkprognose. Figuren syner trafikk for Geiranger og Flåm, derav Flåm historisk har utgjort 40% av totalen.

Ved å samanlikne innføring av nullutsleppsregelverket med eit nullalternativ som allereie inneber dei vedtekne TIER krava, syner Menon at lokal sysselsetjing vert skadelidande med tap av om lag 64 arbeidsplassar. Omsetninga i lokalt næringsliv vert om lag 100 mill. kroner lågare per år og overskotet 40 mill. kroner lågare per år. Om ein samanliknar med 2019 vert effektane om lag det dobbelte av Menon sine tal.

Menon  syner òg at bulysta i Aurland vert redusert som følgje av dei reduserte tilboda i reiselivet, noko som kan få ein negativ innverknad på ein kommunen som har vore i demografisk vekst og har vore omtala som å ha «knekt bygdekoden».

Menon konkluderer med at regelverket vil ha ein negativ klimaeffekt, då den vil hindre etablering av landstraum.  Responsen frå cruisereiarane vert flytting av trafikk til andre norske hamner, slik som Vik, Skjolden, Eidfjord, Nordfjordeid, Olden og Ålesund. I desse hamnene vil ikkje skipa vera påkopla landstraum – og difor sleppe ut meir klimagassar enn om dei hadde vore påkopla landstraum i Flåm. Flåm er i tillegg ein av hamnene i Norge med lengst liggetid.

I høve eventuelle utfordringar med overturisme syner Menon til at trafikken vert flytta frå etablerte, velfungerande hamner til mindre og umodne hamner andre stader i Noreg, slik at den samla effekten i høve overturisme er uviss.

Sidan 2018 har framlegget om nullutsleppskrav i verdsarvfjordane vorte eit hjertebarn for interesser innan teknologiutvikling og verftsindustri. Menon finn derimot at regelverket vil gje liten effekt, og at utviklinga stimulerast helst av andre krav og mekanismar i samfunnet.

På den positive sida syner Menon til at krava trekk i retning ein omdømmemessig vinst i høve marknadsføring av Noreg internasjonalt. Vinsten vert rekna som ikkje kvantifiserbar og avgrensa.

Kommentarar frå lokale aktørar
I samband med arbeidet nedsette Sjøfartsdirektoratet referansegrupper som fekk høve til å kome med innspel i forkant av arbeidet. Lokalt har hamnesjef Tor Mikkel Tokvam, varaordførar David Underdal, leiar for Aurland Næringsråd, Arve Tokvam, og ordførar Trygve Skjerdal, vore involvert i arbeidet. Kommune, hamn og næringsliv leverte felles innspel til prosessen.

Hamnesjef Tor Mikkel Tokvam syner til at Sjøfartsdirektoratet presist har besvart oppdragsbrevet frå Klima- og miljødepartementet.

-Lokalt har me vore spente på resultata, etter at Sjøfartsdirektoratet lukka døra for innspel 1. september. Me lyt diverre erkjenne at Sjøfartsdirektoratet har tolka oppdragsbrevet strengt, og ikkje teke seg friheit til å utforske alternativa som både Aurland og Stranda kommune har spelt inn. Dette er alternativ som på rasjonelle måtar kunne redusert utslepp og ivareteke trafikk i større grad enn det ein no føresler. Men våre alternativ fyller ikkje nullutsleppsdefinisjonen på seilasen slik mandatet til Sjøfartsdirektoratet ligg føre, og er difor diverre ikkje vorte vurdert.

Vidare peikar hamnesjefen på konsekvensane for hamnedrifta i Flåm.

-Konsesjonssøknaden for landstraumsanlegget for cruise er nyss ferdigstilt, og anbodspapira for anskaffelse av landstraumsanlegget vert levert 1. februar. Dessverre vert tiltaket uaktuelt om dette framlegget vert det endelege resultatet i saka. Med eit trafikkgrunnlag på linje med pandemiåra vil hamnevesenet få store årlege underskot, så då lyt ein sjå på løysingar for å avvikle cruiseterminaldrifta i Flåm og finne andre løysingar for å løyse fellesfunksjonane i Flåm. Når det er sagt er det for tidleg å male fanden på veggen. Det er ingenting i den samfunnsøkonomiske analysen som tilseier at dette framlegget bør innførast.

Leiar for Aurland næringsråd, Arve Tokvam, har følgjande kommentar:

- Menon peikar på fleire uheldige konsekvensar for lokal verdiskaping og sysselsetting. Dette er også forhold som me har peika på i vår dialog med Sjøfartsdirektoraret. Det er difor svært skuffande at dette ikkje er teke omsyn til. Eg registrerer også at dei krava som vil bli stilt til reiarlaga rundt fylling og bruk av biodrivstoff vil gjere meirkostnaden ved eit anløp til Flåm skyhøg samanlikna med andre norske hamner. Om me i det heile teke får behalde cruisenæringa, så vil me måtte kompensere for desse meirkostnadane med reduserte prisar i ein konkurransesituasjon. Til sjuande og sist vert det då lokale næringslivsaktørar som lyt ta heile eller delar av rekninga. Det var vel aldri dette som var tanken då saka vart påbegynt i 2018.

Ordførar Trygve Skjerdal og varaordførar David Undredal syner til stortingsvedtaka som ligg til grunn for arbeidet.

 –Stortinget vedtok å sikra Flåm som anløpshamn for cruise også etter 2026, og ba regjeringa bidra i høve tiltak initiert av lokale og regionale myndigheiter. Slik me ser det har ein ikkje klart å ivareta desse omsyna, og då kan ein ikkje gå vidare med framlegget. Konsekvensane i lokalsamfunnet som Menon syner til går langt ut over kva Aurland kan akseptera. Desse konsekvensane har me synt til gjennom heile prosessen, så det er fristande å sei «kva var det me sa».

Ordføraren får siste ord.

- Som ordførar ser eg det som mi plikt å ivareta lokalsamfunnet sine interesser.  I første omgang vil eg be om eit møte med departementet for å fremja vårt syn og få informasjon om vidare saksgang.