§ 1. Geografisk verkeområde
Denne forskrifta skal regulere all handelsverksemd utanom fast utsalsstad (torghandel) frå kommunalt areal i Aurland kommune.

For områda Aurlandsvangen, Undredal, Flåm og Gudvangen gjeld også forskrift av 09.05.17 om typisk turiststad.

§ 2.  Sakleg verkeområde
All handelsverksemd utanom fast utsalsstad skal frå kommunalt areal gå føre seg i tråd med denne forskrifta.

Sal av matvarer og andre nærings- og nytingsmiddel utanom gartneri- og landbruksprodukt i si naturlege form, skal meldast til Mattilsynet før torgplassen blir teken i bruk.

Det skal som hovudregel ikkje foregå skjenking av alkohol frå kommunale torgplassar. Dersom verksemda krev offentleg løyve, f.eks serveringsløyve, skjenkeløyve eller anna, må slike løyve ligge føre før salsverksemd kan opne.

§ 3. Plassering og omfang
Torghandel kan berre skje på areal som i offentleg reguleringsplan er sett av til slik verksemd. Kommunen kan gjere unntak frå dette ved særlege høve.

§ 4. Søknad
Torgplasser vert tildelt etter søknad. Søknaden skal ligge føre på fastsett skjema, der det skal gå fram kva type varer som skal seljast og kva tidsrom søknaden gjeld. Dersom søknaden gjeld matservering, må det ligge ved gyldig serveringsløyve. Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon vil bli avvist. Kommunen fastset søknadsfrist.

Tildeling av fast plass gjeld innanfor eitt kalenderår.

I tillegg til dei faste plassane, kan det tildelast plassar for kortvarig salsverksemd for ei veke om gongen.

§ 5. Prioriterte føremål
Ved vurdering av søknader, legg kommunen vekt på miljøomsyn og prioriterer handel med kortreiste landbruks- og handverksprodukt, frukt, bær, blomar og gartnarvarer.

§ 6. Torgavgift
Torgavgift vert fastsett av kommunestyret i samband med årsbudsjett.

Humanitære, friviljuge organisasjonar og lag innan kulturlivet kan bli fritekne frå betaling av avgift etter søknad.

Rådmannen får mynde til å avgjere når avgift skal vera innbetalt.

§ 7. Allmenne reglar for handelsverksemda
Handel kan gå føre seg frå kl. 09.00 og fram til kl. 18.00 alle dagar. Rådmannen kan gje unntak for denne regelen i samband med arrangement.

Torghandlaren skal halde seg innanfor tildelt plass, og syte for god orden og at omgjevnadene ikkje blir utsette for ulemper.

Mattryggleik skal halde eit høgt nivå.

Ved salstida sin slutt må alle varer, transportreiskap, boder, bord og liknande fjernast frå utsalsstaden. Den som har nytta plassen pliktar å rydde etter seg, og fjerne alt avfall. Om naudsynt skal ein koste eller spyle plassen. Dersom opprydding ikkje skjer, kan dette føre til bortvising frå plassen og krav om erstatning for ryddekostnader.

Rigging av boder kan ikkje ta til tidlegare enn ein time før opningstid, tidlegast kl. 08.00. Nedrigging skal seinast vere avslutta kl. 19.00. Rådmannen kan gje unntak for denne regelen i samband med arrangement.

Det skal ikkje vere motorferdsel på torgarealet i opningstida for torget. Transportmiddel som ikkje direkte vert nytta ved salet, skal ikkje ta opp plass eller bli ståande på utsalsstaden.

Torghandlaren skal til ei kvar tid rette seg etter gjeldande retningsliner frå offentleg hald, som kommunen, helsemyndigheitene, Justervesen, politivedtektene m.m.

Kommunen kan med rimeleg varsel nytte torgareal til andre føremål i korte periodar utan at det gir grunnlag for reduksjon i avgifta.

§ 8. Dispensasjon
Kommunen kan ved særlege høve gjere unntak frå krava i forskrifta. Retningsliner for bruken vil då bli gitt i ein eventuell innvilga søknad.

Dispensasjonssøknader inneber eit sakshandsamingsgebyr tilsvarande dagsprisen på to torgruter.

§ 9. Sanksjonar
Ved brot på vilkår for tildelt torgplass, kan kommunen straks gjere om tildelinga og inndra løyve til torghandel. Omgjering gir ikkje rett til tilbakebetaling av innbetalt avgift.

Dersom verksemda ikkje retter seg etter inndragning av løyve og fjerner seg frå staden, skal kommunen ilegge dagsmulgt tilsvarande 10 ganger dagsleiga av gjeldande gebyr for torgplassen.

§ 10. Delegasjon
Rådmannen får delegert mynde til å gjere vedtak i samsvar med denne forskrifta.

§ 11. Høve til å klage
Det er ikkje høve til å klage på avgjerd om tildeling av torgplass.