Målet med KULA-prosjektet er å få oversikt over landskap av nasjonal kulturhistorisk interesse i alle fylka. KULA-registeret klargjer kva landskap det er knytt nasjonale interesser til, kva som er verdiane og korleis dei bør ivaretakast. KULA-registeret er ikkje ein verneplan og landskapa vert ikkje freda eller verna ved at dei vert utpeika, men skal auke medvitet og vere ei oversikt over landskap. For kommunen sin del betyr dette at det kan leggast ei omsynssone over dei aktuelle områda i arealdelen og knytast føresegn til desse områda. Vidare må områda takast omsyn til i reguleringsplanar, dispensasjonssaker og byggesaker.

Kommunen skal skrive innspel til rapporten og denne skal opp til behandling i Formannskapet 17.november. 

Trykk her for å lese rapporten

Trykk her for å lese høyringsbrevet

Trykk her for å lese eit kortfatta informasjonsark om KULA

Slik sender du inn innspel:

Du kan sende innspelet ditt på e-post til: postmottak@ra.no

Merk e-posten med "KULA Sogn og Fjordane"

Frist: 18.november 2022. 

 

Du kan også ta kontakt med sakshandsamar i Aurland kommune dersom du har spørsmål om høyringa:

e-post: anja.marken@aurland.kommune.no, tlf: 95984646